Frå vatn til vatn i Jørpelandsheia #1, til Svartavatnet (04.03.2018)
Geschrieben von Kaare_70
Endeleg var Liarvatnet trygt, og med fine snøforhold og god vermelding måtte det bli skitur innover i Jørpelandsheia. Etter fleire fine turar i nysnø mellom 400 og 600 moh visste eg at det ikkje ville bli optimale forhold før Forenesvatnet, og det holdt stikk. Liarvatnet var nokså isete, men det var greit med snø oppover frå Grimsli. Det var som vanleg krongle og sporete opp til Forenesvatnet, men herleg å koma dit opp, og det som vanleg opna seg flott utsikt mot både Tysdalsheia og Vardhusheia.
Holdt sporet vidare opp til Longavatnet, og hadde tenkt meg sørover vatnet, kanskje heilt til Svartavatnet. Gjekk derfor ikkje i retning den gamle stemmen, men i greie spor forbi den første hytta. Her traff eg kjentfolk som hadde vore sør til Svartavatnet dagen før, og dei anbefalte meg å følga deira spor på venstre side av elva. Då var saken klar, og det gjekk i grei fart sørover Longavatnet. Nå skein det opp etter kvart, og det blei skikkeleg fint å vera på tur. Fann skispora opp langs elva og følgte dei nokså krongle opp til eit fint utsiktspunkt over Svartavatnet. Rann ned på vatnet og gjekk tvers over, før eg returnerte same veg tilbake. Svartavatnet er om lag så langt inn i Jørpelandsheia ein kan koma, og grensa mellom Strand, Forsand og Hjelmeland går midt på vatnet. Det er omkransa av ganske høge fjell, Bratteliknuten, Godlifjellet og Svartavassknuten.


Traff eit par einslege skiløparar på veg tilbake over Longavatnet. I staden for å gå heilt same veg, tok eg opp mot Ospeskardet og rant ned til Forenesvatnet. I skaret var eg heldig og fekk sjå ei dvergspett, som pikka og såg ut til å gleda seg over finveret slik som eg. Så var det ned til Grimsli og over Liarvatnet; tilbake ved bilen etter 5 timar på tur. Hadde eg ikkje hatt ein avtale, skulle han ha blitt dobbelt så lang!
Benutzerkommentare