Stardalsfjellet (10.03.2018)  5

Written by Esone (Einar Moen) GSM

Duration 4h 09min
Distance 14.5km
Vertical meters 635m
GPS
Ascents Stardalsfjellet (1,589m) 10.03.2018 16:29
Opp Stardalsgjelet.
Opp Stardalsgjelet.

Fin ettermiddagstur på Stardalsfjellet med Marita. I dag valde vi randonee-ski. Vi gikk inn Dnt-ruta mot Bjordalsbu, og opp sør for Stardalsmønen, ved andre grova som kjem ned frå Stardalsfjellet. Opp her var det herleg fin laussnø. Det kribla alt med tanke på returen.

Då vi skulle finne ruta etter vi kom opp bratta, viste det seg at eg var utanfor kartet på GPS, samt at Peakbook-appen hadde hengt seg opp, og viste ikkje spor. Intuisjonen min sa at vi skulle dreie meir mot høgre, men skiterrenget var finast rett fram.

Nydeleg skiterreng.
Nydeleg skiterreng.

Så vi følde det fine terrenget og jamne stigninga. Opp på ein rekognoseringtopp, som viste seg å vere på Kaldevassryggen. Frå toppen såg vi kor toppen var :) Då la vi i veg i fint lettkuppert terreng bortover ryggen mot toppen. Morosamt terreng. Vakkert. Då vi nerma oss toppen var det meir avblæse og steinete, men greitt å finne fram.

Tilbake mot 1557 toppen som vi kom frå.
Tilbake mot 1557 toppen som vi kom frå.

På toppen var det ein stor flott varde, og utsikta var himmelsk i alle retningar. Litt mat og drikke og obligatoriske bilete.

Toppen på Stardalsfjellet.
Toppen på Stardalsfjellet.
Toppvarden i retning mot Raudbergnuten.
Toppvarden i retning mot Raudbergnuten.
Mot Hurrungane i Vest-Jotunheimen.
Mot Hurrungane i Vest-Jotunheimen.

På returen nedatt la vi ei litt anna rute (sjå gps-spor). Det vart litt staking dei fyrste 10 minuttane, men så vart det flott renning nedover. Bratta sør om Stardalsmønen, var 15 cm lausnø, og sikkeleg morokøyring. Nesten bratt nok. Ned att Stardalsgjelet var det morro å bruke dei U-forma sidene å køyre på. Det gikk fortare nedatt. Vi var ved flatene før brua 33 min etter at vi staka frå toppen. Litt tungt oppatt mot bilen når helen sit fast på skia.

På nytt ein god naturopplevelese på ski i høgfjellet, på ein dag utan skyer, og med blått over alt :)

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.