Grånipa (10.03.2018)  5

Written by Hommpbollen (Tor)

Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 2h 45min
Distance 8.6km
Vertical meters 540m
GPS
Ascents Nonsholten (1,390m) 10.03.2018 12:58
Nonsholten nordvest (1,387m) 10.03.2018 13:03
Grånipa (1,200m) 10.03.2018 13:30

Første turen på ein månad etter at (den helvetes) influensaen hadde sluppe taket for godt.

Eirik var på besøk i helga. Det tima han godt, då vi fekk nydeleg vér til fjells. Avgjerda om kvar vi skulle gå vart teke om morgonen. Det var ein tur til Nonsholten. Vi parkerte bilen i Rindabotn, tok trekket opp og fortsatte innover fjellet.

Nydelege spor viste veg. Godt var det, elles hadde nok den karen rota seg vekk.

Turen til Nonsholten gjekk rimeleg raskt. Likevel vart vi forbigått av ein kar på vel 60. Då er det lov å føla seg litt tosk. Vi (dvs. eg) bestemte oss difor for å følgje spora vidare til Grånipa.

Halvvegs.

Toppen Høgde (1397) ovanfor Grånipa.

Litt posering på toppen.

På Høgde møtte vi ein danske som hadde vore her oppe vel 25 gongar. Han fraråda oss å følgje ryggen vidare nedover til Grånipa. Intelligente som vi var gjorde vi det likevel, og vi køyrde frå den eine steinete avsatsen til den andre. Smart ja. Men her i frå og ned var det likevel supre pudderforhold heilt ned til Laugadalen. Så var det kun eit lite stykke å stake bort til riksvegen.

Vi følgde ryggen nedover frå toppen av Nede ved Gunvordalsbrui kom laussnøekspressen og plukka oss opp. Var mange smilande fjes der nede den dagen. Sogndal er ganske enkelt genialt!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.