Trettekollen, Nedre Eiker (03.03.2018)

Written by Elementmannen

Duration 2h 38min
Distance 11.2km
Vertical meters 410m
GPS
Ascents Trettekollen (607m) 03.03.2018 14:21

Bigmob stilte som halvlokal gaid etter jobbtreff på Norefjell og cruisa ned epleåkrene i Lier før vi fann Egge og ratta opp grusvegen mot Eikesetra. 20,- i bompengar. Kontant.
Vi køyre langs vatnet og parkerte ved Solvang. Eg hadde halvfeller på plass, men vart overtalt til å bytte til Blå Spesial (7 minus).
Ikkje eit bra val. Hadde lite og null feste, som også Bigmob, men vi karra oss opp via langrennsløypene til Lelangen, over Lelangen etter ein liten feilnavigering, før felene vart lagt på att. Lurt for her vart det småbratte langrennsløyper. Vi fulgte dei lengst mogleg då det var ein del laussnø utanfor sporet (og vi ikkje hadde langfeller), men bikke ved nokon master opp nord mot alle kommunetoppsamlarars mål; høgste punkt i kommunen = Nirvana.
Litt tett skog og bratt lende mot toppen, men vi karra oss opp på armastyrke på slutten og feira med Mountain Dew utan sukker(ikkje god) og noke attåt.
Brått slo det i vert fall meg at no går flyet mitt heim snart frå Gardermoen og som normalt kom vi i fela tidsnaud(Flyplassen var ganske langt vekke, viste deg seg). Staking og styring ned att same veg til Solvang og peisa på mot Skøyen kor vi mista Flytoget med 3 minutt. Dermed måtte gaiden faktisk køyre tidsoptimisten heilt til Gardermoen som ikkje noko problem i det heile då flyet var 40 minutt forsinka.
Toppen i boks, finfin tur på vinteren og heimvegen ordna seg også. "Flaks", sa Severin...

Takk til Bigmob for turfølgje og tråkking på gassen!
Vardekast: 3 (Stein)
Dagens dyr: Hare- og revespor.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.