Lønstølhaugen (09.11.2011)

Written by mariusmeland (Marius Meland) GSM

Start point Nord for Baksætra (658m)
Endpoint Lønstølhaugen (825m)
Characteristic Hike
Duration 2h 22min
Distance 8.7km
Vertical meters 140m
GPS
Ascents Lønstølhaugen (825m) 09.11.2011

Fin fottur til Lønstølhaugen i fint haustver. Med denne turen er Lillehammer > 50 m pf og >100 m pf komplett! Gjekk langs ein delvis gjengrodd skogsveg i starten, før eg svingte av og gjekk gjennom skogen mot Lønstølhaugen. Det var ikkje lett å finne sti her, men nær toppen fann eg ein sti som indikerte at det hadde gått folk her før.

Turen opp baud ikkje på så mykje utsikt. Derimot gjekk eg gjennom ein flott granskog med eit velutvikla preg av urskog, og ulik dagens «maskinelle» granskogar. Her er det befriande lenge sidan det har vore hogst!

Det måtte leitast litt for å finne toppen, og i følgje kartet kan det sjå ut til at eg bomma ørlite, i høve til der det står 825,5 på Økonomisk kartverk. Derimot, i følgje same kart var eg på mellom 825 og 830 m.o.h., så då bør det vere greit!

Det var ca. 3,5 km til toppen. Tilbaketuren var på drøye 5 km, der eg gjekk ein annan veg tilbake, i større grad langs skogsbilveg og traktorveg.

Her er litt foto:

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.