Guromyrfjellet på ski frå Dalavegen (25.02.2018)

Written by Kaare_70 GSM

Map
Ascents Guromyrfjellet (584m) 25.02.2018

Nok ein sjeldan nærtur i Jørpelandsheia med flotte snøforhold! Første tur med skia på sekken frå Dalavegen og opp Kjellbrekk. Tok på skia der Kjellbrekk flatar ut, og kunne ha dei på heile vegen vidare. Etter å ha passert utsiktspunktet ovanom Tømmervatnet, var det utruleg flotte snøforhold vidare oppover, sikkert opp mot meteren med snø dekka det meste av ujevnt underlag.

Mot Tømmervatnet frå utsiktspunktet
Mot Tømmervatnet frå utsiktspunktet
Hidleren ved Tinturvatnet med fiskarhytta bak til høgre
Hidleren ved Tinturvatnet med fiskarhytta bak til høgre
Ved Tinturvatnet mot Kjeatofjellet
Ved Tinturvatnet mot Kjeatofjellet

Hadde langfellene på til eg kom opp til Tinturvatnet, men herifrå var det kun blå Swix resten av turen. Hadde ei lita mimrestund ved den store steinen med hidleren ved Tinturvatnet, der farfar og naboen Peder skal ha fått tyske fly frå Sola på vingene under krigen, fordi dei var uforsiktige med eit bål.

Flott vidare langs vestbreidda av Tinturvatnet, kor det var eit par dagar gamle skispor frå før. På 470moh burde isen vera heilt trygg så lenge eg heldt meg unna alle osar. Følgde skisporet bort til Svortingsvatnet, men her valde eg å svinga oppover myrpartiet i retning Guromyrfjellet, kor eg heldt roleg tempo oppover og berre naut å vera på tur i det fine veret. For ein gongs skuld hadde eg bestemt meg for å ikkje fokusera på toppar, men først og fremst vera på skitur. Men det vart likevel til at eg svingte oppom det nordlege toppunktet på Guromyrfjellet, kor det var fin og mjuk snø heilt til topps.

Frå oppstigninga til Guromyrfjellet mot Svortingsvatnet
Frå oppstigninga til Guromyrfjellet mot Svortingsvatnet
Frå oppunder Guromyrfjellet mot Homstjødna og Homsknuten
Frå oppunder Guromyrfjellet mot Homstjødna og Homsknuten
Frå Guromyrfjellet mot Dalavegen, Førlandsåsen og Jørpeland
Frå Guromyrfjellet mot Dalavegen, Førlandsåsen og Jørpeland

Sklei så jamt og fint ned til største Homstjødna og opp til den neste, før eg tok ein kort matpause øvst i lia ovanom Tinturvatnet. Så var det ny sklitur ned til vatnet, forbi fiskarhytta og fine forhold heilt ned til utsiktspunktet ovanom Tømmervatnet. Herifrå er det vel bratt, så det blei bering av skia ned på flaten før eit kort renn ned til toppen av Kjellbrekk.

Mot den minste Homstjødna og Homsknuten
Mot den minste Homstjødna og Homsknuten
Mot Tinturvatnet med Moslivarden bakerst
Mot Tinturvatnet med Moslivarden bakerst
Storfornøgd på tur!
Storfornøgd på tur!

Snaue 3 ½ timar på tur, heilt utan å sjå folk nokon stad, og det på ein flott søndags føremiddag.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.