Revafjellet på ski frå Liarvatnet (24.02.2018)

Written by Kaare_70 GSM

Map
Ascents Revafjellet (728m) 24.02.2018
Revafjellet vest (712m) 24.02.2018

Fantastiske snøforhold i Jørpelandsheia! Men fordi Liarvatnet ennå ikkje er "godkjent" av Folkehjelpa, turde eg ikkje kryssa det. Rett nok var det skispor, men det freista ikkje å prøva. Difor valde eg å prøva noko nytt, nemleg skia på sekken og vassing i djupsnø opp Lågalia! Som kjent er ikkje dette den vanlegaste inngangen til Jørpelandsheia vinterstid, og den som prøver vil forstå kvifor. Det var stritt oppover, men eg hadde god hjelp av spor frå ein person som hadde gått tidlegare.

Eg valde å gå opp på venstre side av Lågaliåna, som er litt brattare, men visste at sjansen for isete underlag frå fosseroket var større på høgre sida. Fekk på meg skia i skogen så snart terrenget flata litt ut, og vann snart høgde ovanom stemmen i Svortingsvatnet. Heldt nokså langt vestover oppetter flanken på Revafjellet, kor det er slakare enn der normalvegen går sommarstid. Kom difor opp langt vest på Holtjødna, og her oppe i 600m høgde var det praktfulle snøforhold, men litt sur austavind. Heldt nokonlunde same trase som den raudmerka sommarløypa austover Revafjellet, og forbi første toppen tok eg av langfellene og naut den gode glien på blå Swix i puddersnøen.

Gjekk først opp på hovudtoppen, nokså bratt og litt isete på slutten, men praktfull utsikt. Hadde litt begrensa tid til disposisjon, og tok difor ned same veg og gjekk oppom vesttoppen. Her vart det vakkert innsyn i Småsildalen med Botnatjødna, og masse dyrespor i snøen. Såg óg eit par opne holer i snøen som antakeleg var inngangen til dyrehi.

Svortingsvatnet og stemmen. Dei dominerande toppane er Kjeatofjellet og Homsknuten
Svortingsvatnet og stemmen. Dei dominerande toppane er Kjeatofjellet og Homsknuten
Eit rotete bilde frå hovudtoppen innover i heia, med bl.a. den kvitpynta Brogaheia i midten langt bak. Småsildalen stuper ned bak den snødekte flata i framgrunnet, med Botnafjellet til høgre
Eit rotete bilde frå hovudtoppen innover i heia, med bl.a. den kvitpynta Brogaheia i midten langt bak. Småsildalen stuper ned bak den snødekte flata i framgrunnet, med Botnafjellet til høgre
Svortingsvatnet frå hovudtoppen, med Kjeatofjellet, Homsknuten og Førlandsåsen (langt bak) som dominerande toppar
Svortingsvatnet frå hovudtoppen, med Kjeatofjellet, Homsknuten og Førlandsåsen (langt bak) som dominerande toppar
Svortingsvatnet og Hengjanevatnet frå hovudtoppen, med Naganibba til venstre
Svortingsvatnet og Hengjanevatnet frå hovudtoppen, med Naganibba til venstre

Småsildalen og Botnatjødna frå vesttoppen. Sjeldent flotte snøforhold!
Småsildalen og Botnatjødna frå vesttoppen. Sjeldent flotte snøforhold!

Retur same veg, og Lågalia gjekk sjølvsagt langt raskare ned enn opp. Herleg å høyra fossebruset frå Lågaliåna som forhåpentleg aldri vert til nyttbare kWh. 4 kongelege timar på tur med ein liten matpause.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.