Sjåstadvarden/Geitahornet/Selje- Storm ved Stadtlandet (13.01.2018)
Skrevet av Eikås (Janne Eikås)
Startsted | Dragseidet (224moh) |
---|---|
Sluttsted | Dragseidet (223moh) |
Turtype | Trugetur |
Turlengde | 2t 51min |
Distanse | 8,4km |
Høydemeter | 791m |
GPS |
![]() ![]() |
Bestigninger | Geitahornet (475moh) | 13.01.2018 |
---|---|---|
Aust for Libbera (483moh) | 13.01.2018 | |
Sjåstadvarden (515moh) | 13.01.2018 |
Hoddevika og fjella ved Stadtlandet er ein av dei plassane som for meg betyr mykje. Storhavet, naturkreftene og den nakne barske naturen tiltaler stort. Her ute er det fint å suse rundt på toppane og heile tida ha vidsynet ut mot storhavet. Kanskje det betyr mykje, fordi eg har vakse opp i karrige omgivelsar der vest. Ein finn i alle fall fred her ute til havdønningane og vinden som herskar! Var lysten til å prøve surfebrettet, men ein rekk ikkje over alt på eit døgn...Så det lyt bli til ei helg i februar når vinden leikar litt ekstra. (Bli gjerne med fleire...eg har lova den yngre garde ei helg i februar i Hoddevika) Fin tid å surfe på denne tida, når vinterstormane regjerer!

Fine dagar der ute ved storhavet :)
Kommentarer
Flotte bilder!
Skrevet av JPV100 19.01.2018 21:48Det er artig å oppleve kysten og naturkreftene på denne årstida! Vi var på Hoddevika i sommar, men då var det både varmt og svært folksomt...store kontrastar til din tur :)
Sv: Flotte bilder!
Skrevet av Eikås 22.01.2018 20:32Takk for det Jan Petter :) Ja... vi har det fint :) Det er så vanvittig store variasjonar og kontrastar i dette landet! Det går ikkje å bli lei eller synast at det blir for einsformigt her i gården!! Einaste minuset er at døgnet, har for få timar til å nyte alt ihop :)