Snuoperasjon på Sandhornet (26.12.2017)

Written by kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Start point Brekke (80m)
Endpoint Brekke
Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 2h 30min
Distance 7.0km
Vertical meters 400m
Map
Ascents Sandhornet (909m) 26.12.2017 15:58 not summited
Visits of other PBEs Kråkenakkvegen parkeringslomme (190m) 26.12.2017 15:58

Juleferien på Sunnmøre nerma seg slutten, og det byrja å haste om det skulle bli noko skikkelig fjelltur. Meldingane var så-som-så, men optimist som ein er må ein jo alltids prøve seg. Eg og Olav peika oss ut Sandhornet - ein skredsikker og moderat Ørsta-topp, som turmål. Kroksleiven betakka seg, og henviste til meldingar om snøfokk. Framsynt han der Kroksleiven.

Det bles friskt før vi dukka ned i Eiksundtunellen, men på andre sida var det meget bedre. Vegen opp til parkerina var ikkje brøyta, så vi parkerte ved Brekke og traska på skia oppover grusvegen. Eg var ikkje sikker på kvar vinteroppfarten gikk, så vi enda opp med å følge stien mot Nakken. Her var det skibæring på oppmurte trapper gjennom granplantefelta - fin sti, men vinterveg var det ikkje.

Ekstremsportterreng
Ekstremsportterreng

På Brekkesætra vart vi møtt med enorme mengder snø og fokk. Tanker på skred og slikt var sterkt til stades, der vi skoda oppover Kråkenakken. Relativt tett bjørkeskog, vind og snøfokk og heng. Vi var ikkje på rett stad.

Vi baska oss opp bjørkeskogen på austsida av bratthenget, og ungikk skred-terrenget. Då vi kom opp på Nakken var det klart at dette vart vendereis.

Skal ein vente på fint vær kjem ein seg aldri ut!
Skal ein vente på fint vær kjem ein seg aldri ut!

For å unngå granskogen la vi eit slakt spor mot aust, der vi kunne kome inn på grusvegen gjennom bjørkeskogen. Noget kuperte saker då dei store vassmengdene i marka hadde laga kulekøyring av myrområda.

Olav leitar etter sin indre ekstremskikøyrar. Kanskje er han nede i denne bekken?
Olav leitar etter sin indre ekstremskikøyrar. Kanskje er han nede i denne bekken?

Vel vel, slik var det. På vei ned møtte vi ein heil flokk som peika i retninga av den eigentlige vinteroppgangen. Den var ein heilt annan stad.

På Shell prøvde dama bak disken å selge oss Shell-brød: vaniljestang med sjokolade. Eg er generelt ikkje fan av sjokolade i søt vaniljebakst. Det er alltid skuffande å bli bydd på rosinbollar berre for å oppdage at det er sjokoladebollar. Kvifor dei hadde øydelagde flotte vaniljestenger med sjokolade for veit ikkje eg. Vi kjøpte ein pose rosinbollar.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.