Sprovstinden og Gjølbotntinden (09.10.2017)
Written by kolla (Kolbjørn Tjessem)
Start point | Ørskogfjellet (319m) |
---|---|
Endpoint | Ørskogfjellet (319m) |
Characteristic | Hillwalk |
Duration | 7h 15min |
Map |
Ascents | Gjølbotntinden (957m) | 09.10.2017 |
---|---|---|
Gjølbotntinden sørvest (875m) | 09.10.2017 | |
Sandtinden (1,069m) | 09.10.2017 | |
Sprovstinden (1,194m) | 09.10.2017 | |
Varguraksla (773m) | 09.10.2017 |
Etter ei veke med fleire regnversdager var det i dag sol frå meste skyfri himmel, og med haustens fyrste melislag på toppane var dette ein vanvittig flott turdag. Lette ei stund etter ein fornuftig plass å parkere i litt avstand frå E39 mtp nattero sidan eg ville vera på Ørskogfjellet nokre dager. Det var nedsatt fart og vegvesenet hadde kontroll, men eg blei ikkje vinka inn. Så kom plutselig onkel blå i stor fart og kjørte forbi med blålys. Pusta letta ut då dei ikkje var ute etter meg, hehe.
Vegen til skisenteret var stengt med bom nær E39, men eg fant ein brukande plass langs vegen til Måslia som er stengt med bom drøyt 100 m frå E39. Frå skisenteret gjekk eg opp langs alpintraseen og vidare austover i ura opp til Sandtinden og Sprovstinden. Traff ein mann som var på veg ned. Hadde lang pause på toppen der det var flott utsikt mot dei mektige Romsdalstindane i aust og Sunnmørsalpar i sør og vest. Gjekk så vidare til Gjølbotntinden som ein ekstra bonustopp. På returen haldt eg meg på drøyt 800 moh vestover fjellsida for å unngå dei stygge skrentane lenger nede. Mørket falt etter kvart på og lommelykta måtte fram før ein litt avdanka fullmåne overtok for belysningsbehovet. Sør for Sandtinden var det lettgått til Varguraksla der det var trimbok og sti opp frå Måsliavegen.
Zoombilder av utsikt aust og sørover frå Sprovstinden.
User comments
Store pf topper
Written by otto 16.12.2017 15:56Godt å se at du har interessen for de store pf-toppene. Ingen tvil om at samlelisten "knuser" peakbooks andre samlelister sønder og sammen..
Sv: Store pf topper
Written by kolla 16.12.2017 22:06Genial liste den pf topp 1000-lista. Snart meir populær enn kommunetopplista faktisk. Ser i ettertid at eg har oversett fleire kommunetopper, men får ta dei på neste møreturne.