Store Brekketinden (26.09.2017)

Written by kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Start point Myrsætra (370m)
Endpoint Myrsætra (370m)
Characteristic Alpine trip
Duration 10h 30min
Map
Ascents Store Brekketinden (1,579m) 26.09.2017
Søre Brekketinden (1,423m) 26.09.2017
Visits of other PBEs Myrsætra flyvrak (413m) 26.09.2017

Tur i lag med mortenh (Morten Helgesen), Þróndeimr (Christian Nesset) og Astri på siste dag av PB-treffet. Tok ferja frå Sæbø til Lekneset, og eg sat på med Morten opp til Myrsætra. Bompengefri veg her nå, og me parkerte på sørsida av elva. Fulgte T-stien mot Patchellhytta til Steinreset der me tok av stien og gjekk opp til Brekketindbreen.
Så tok me på sele og tau for å krysse breen opp til skaret sørvest for Store Brekketinden. Fleire klyvepartier frå breen til toppen. Det var frivillig om me ville la oss sikre eller ikkje, men eg var komfortabel me å gå uten sikring. Hadde ein god pause på toppen i det flotte varme seinsommarveret og skreiv oss inn i vardeboka.
På veg ned var Christian oppom S1-toppen som er avansert klatring grad 5-6 eller noko i den dur. Litt for teknisk til at det var noko å prøve for min del, men spennande å følge med på Christian's klatreferdigheter.
Etter å ha kryssa Brekketindbreen på veg ned delte med oss i to. Eg og Morten skulle oppom Søre Brekketinden, mens dei to andre gjekk rett ned igjen til Myrsætra. Dette blei årets høgaste bestigning og finaste tur for min del og innehaldt det som skal til for ein perfekt fjelltur; nemlig alpin topp, klyving, brevandring, øyvindvær og hyggelig turfølge.
Etter turen tok eg ferja tilbake til Sæbø for å fortsette med turer på vestsida av Hjørundfjorden dei neste dagane, mens Morten skulle til Hornindalsrokken dagen etter. Takk for turen!

Pause i austenden av Isvatnet 872 moh.
Pause i austenden av Isvatnet 872 moh.
Slogen i formiddagssol.
Slogen i formiddagssol.
Mot Brekketindane med sørtoppen t.h., mens hovedtoppen ligger skjult bak S1 i midten.
Mot Brekketindane med sørtoppen t.h., mens hovedtoppen ligger skjult bak S1 i midten.
Lita tjørn i austenden av Brekketindbreen. Reint nok vatn til å drikke av.
Lita tjørn i austenden av Brekketindbreen. Reint nok vatn til å drikke av.
Me har fått på sele og tau og er klare for å krysse breen.
Me har fått på sele og tau og er klare for å krysse breen.
I fint driv over breen og nærmer oss bregleppa i øverste enden av breen.
I fint driv over breen og nærmer oss bregleppa i øverste enden av breen.
Sagtaggete egg og sprekker i søndre del av breen. Slogen ses i bakgrunnen.
Sagtaggete egg og sprekker i søndre del av breen. Slogen ses i bakgrunnen.
Gjekk i land på denne snøbrua som var kanskje 1 m tjukk.
Gjekk i land på denne snøbrua som var kanskje 1 m tjukk.
Bratt og litt utsatt klyving mellom breen og ei snøfonn lenger oppe.
Bratt og litt utsatt klyving mellom breen og ei snøfonn lenger oppe.
Gjekk mellom denne snøfonna og fjellet t.v.
Gjekk mellom denne snøfonna og fjellet t.v.
På veg opp til skaret under toppen.
På veg opp til skaret under toppen.
Utsikt nordvestover frå skaret. Gullmordalsvatnet nede i midten og Brunstadhornet t.h.
Utsikt nordvestover frå skaret. Gullmordalsvatnet nede i midten og Brunstadhornet t.h.
Klar til klatring/ klyving frå skaret til toppen.
Klar til klatring/ klyving frå skaret til toppen.
Klyveparti i vestsida siste stykket mot toppen.
Klyveparti i vestsida siste stykket mot toppen.
Fornøyde turdeltakere på toppen.
Fornøyde turdeltakere på toppen.
Sett nordaustover.
Sett nordaustover.
Aust-søraustover.
Aust-søraustover.
Søraustover mot Smørskredtindane.
Søraustover mot Smørskredtindane.
Sør-sørvestover mot Slogen med Jakta rett bak.
Sør-sørvestover mot Slogen med Jakta rett bak.
Sørvestover med Slogen og Jakta rett bak t.v. og Skårasalen i midten i det fjerne.
Sørvestover med Slogen og Jakta rett bak t.v. og Skårasalen i midten i det fjerne.
Nordvestover mot Regndalstindane og Råna med Gullmordalsvatnet nede t.h.
Nordvestover mot Regndalstindane og Råna med Gullmordalsvatnet nede t.h.
Christian på S1-toppen, mens Morten står nede i skaret under og sikrer.
Christian på S1-toppen, mens Morten står nede i skaret under og sikrer.
Morten på veg opp til Søre Brekketinden.
Morten på veg opp til Søre Brekketinden.
Utsikt nordover til S1 og Store brekketinden.
Utsikt nordover til S1 og Store brekketinden.
Flymotor fra tysk fly som blei skote ned over Myrsætra under krigen.
Flymotor fra tysk fly som blei skote ned over Myrsætra under krigen.
Infoskilt om krigshistorien.
Infoskilt om krigshistorien.
Infoskilt om krigshistorien.
Infoskilt om krigshistorien.
Nede igjen på Myrsætra med  siste solstråler på Geithornet og Slogen om kvelden.
Nede igjen på Myrsætra med siste solstråler på Geithornet og Slogen om kvelden.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.