Veirahaldet og Blåtinden (22.09.2017)

Written by kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Start point Ørsta Skisenter (310m)
Endpoint Ørsta Skisenter (310m)
Characteristic Hillwalk
Duration 6h 15min
Map
Ascents Blåtinden (1,210m) 22.09.2017
Sør for Blåtinden (1,146m) 22.09.2017
Eitrefjellet (733m) 22.09.2017
Veirahaldet (1,202m) 22.09.2017

Gjekk opp langs heistraseen og nordover forbi Storvatnet på vestsida og opp til Veirahaldet som har varde med bok. Vidare ned den bratte sørausteggen der eg måtte vera veldig forsiktig et stykke ned mot Kolbeinsskaret. Det er bratt sva med mose- og grasdekte hyller i mellom. Stor utglidningsfare her, men det hadde heldigvis torka litt opp etter alt regnet kvelden før. Nokon småhamre måtte også omgås i sjølve skaret. Så enkelt opp til Blåtinden som har varde med bok. Var bortom trigpunktet før eg gjekk sør- og sørvestover forbi Trollvatnet på austsida og sørover til Eitrefjellet og ned langs alpintraseen igjen. Tok eit bad i bekken ved skisenteret før eg reiste ned til Sæbø på Peakbooktreffet.

Frå Ørsta Skisenter mot Eitrefjell.
Frå Ørsta Skisenter mot Eitrefjell.
Tilbakeblikk ned alpintraseen med Snøhornet bak t.h.
Tilbakeblikk ned alpintraseen med Snøhornet bak t.h.
Vidsyn kafe på snaut 700 moh med Snøhornet og Koppefjellet i bakgrunnen.
Vidsyn kafe på snaut 700 moh med Snøhornet og Koppefjellet i bakgrunnen.
Mot Storvatnet og Veirahaldet og Blåtinden.
Mot Storvatnet og Veirahaldet og Blåtinden.
På Veirahaldet.
På Veirahaldet.
Austover mot Blåtinden.
Austover mot Blåtinden.
Bratt og utsatt ned mot Kolbeinsskaret.
Bratt og utsatt ned mot Kolbeinsskaret.
På vestryggen av Blåtinden med tilbakeblikk mot Veirahaldet.
På vestryggen av Blåtinden med tilbakeblikk mot Veirahaldet.
På Blåtinden.
På Blåtinden.
Aust-nordaustover mot Grøtdalstindane i midten og Sæbø nede t.h.
Aust-nordaustover mot Grøtdalstindane i midten og Sæbø nede t.h.
Utsiktspunkt over Bondalen med litt av Hjørundfjorden og Skårasalen litt t.v. for varden.
Utsiktspunkt over Bondalen med litt av Hjørundfjorden og Skårasalen litt t.v. for varden.
Søraustover med Skårasalen og Rognestøylstindane i venstre bildehalvdel.
Søraustover med Skårasalen og Rognestøylstindane i venstre bildehalvdel.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.