Djuptjernkampen, Nord-Aurdal (20.11.2017)

Written by Elementmannen

Duration 6h 28min
Distance 18.5km
Vertical meters 482m
GPS
Ascents Djuptjernkampen (1,325m) 20.11.2017 14:00

På hyttetur i Hemsedal vart suget etter ny kommunetopp for stort. November kan vere ein krevande månad, men vi stod opp relativt tidleg og køyrde 2 timar til Lenningen på morgonkvisten. Det var brøytt til Fjellstoggo så ønskjet om å køyre litt lenger gjekk i vasken.
Eg hadde lokka M til å gå med toppturski i staden for fjellski om det skulle vere glasert og litt krevande rundt sjølve toppen. Sjølv vart det "joggepinnar" då dei tiltenkte skia hadde gamal BC - binding som ikkje passa skoa mine. Altså på fjellskitur utan fjellski for nokre av deltakarane...

Vi rann ned på myra og fulgte køyrd skispor vestover. Vurdte å kutte rett på, men terrenget var krevande med mykje nysnø (og ingen fjellski…). Endte opp med å følgje runden rundt Greteknattten og ta av nordvestover over myra og langs bekken til merka sti nordover. Det gjekk ikkje fort i laussnøen, men etter litt baksing og torsk-i-karri hadde vi kontroll på toppmassivet. Vi fulgte kollane mot øvre Djuptjernet for å styre unna baksesnøen i dalen, runda i Vest og klatra til topps. Kjempe utsikt, lite vind og signatur i boka.
Ned at drog vi litt nordvestover då det var meir snø her. Lurt. Men eg vona å styre unna feller så fann ut at vi skulle ned på myra her sør for Djuptjernet og «skli» nedover før vi tok oss over i løypetraséen att. Bakkeski utan feller og joggepinnar… Det gjekk veldig dårleg.
Men med mykje trass, litt galgenhumor og flytting av utstyr kom vi oss ned at i preparert løype godt inne i den blå timen. Vi tok same rute attende for å vere trygg på å styre unna overraskingar. Det vart kaldt med kvitt hår og blå fingre på slutten, men vi runda inn på 6,5 timar inkl. pausar. Det vert eg som lagar middag i kveld…

Tid opp: 3t 30min (30 min matpause)
Tid totalt: 6t 30min
Dagens dyr: Raudrev
GPS-signal delvis vekke grunna kulde

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.