Saurdalen til Kalbakk (21.10.2017)
Skrevet av Hommpbollen (Tor)
Bestigninger | Igdedalseggi (1224moh) | 21.10.2017 14:57 |
---|---|---|
Andre besøkte PBE'er | Kallbakk (651moh) | 21.10.2017 15:58 |
Den tradisjonelle haust-turen frå Saurdalen i Balestrand, via Kvilehytta, og ned att til Kalbakk er alltid ein slager. Fjord og fjell og trolsk himmel, i skjønn foreining.
Høyres vel ut som ein klisje.
Men bileta lyg ikkje. Flotte fargar, tørt og fint, men fytti helsike so det bles. Bombesikker på at det gjekk i stiv kuling til liten storm frå 800m. Det trakk litt ned. Elles var eg og litt skuffa over at vi ikkje fann att vekeblada frå 50-talet i Kvilehytta. Det har vel vorte brukt som dasspapir i naud.
Kommentarer