Vassfjellet leverar (14.10.2017)

Written by kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Start point Østerdalsvollen (190m)
Endpoint Østerdalsvollen (196m)
Characteristic Hillwalk
Duration 3h 49min
Distance 12.6km
Vertical meters 585m
GPS
Ascents Vassfjellet (711m) 14.10.2017 11:35
Visits of other PBEs Vassfjellhytta (510m) 14.10.2017 11:07

Sidan kona skulle jobbe heile dagen for å skaffe brød og smør på bordet, måtte eg og Eskil sjå oss ikring etter andre planar denne dagen. Etter svært mange vurderte alternativ, fall vi på Vassfjellet.

Vi parkerte på Melhus og la avgårde, vel vitande om det forvirrande terrenget som venta oss. Det er tydelig sti til Vassfjellet. Problemet er at det er stiar over alt, og masse masse skilting - men ingen skilt mot Vassfjellet. Her har eg gått meg vill før.

Denne gongen gjekk det bedre enn sist, og det vart berre ei lita gerilja-sløyfe over ei gjennomsnittleg klissjblaut trøndermyr, medan vi håpa at ingen tok oss for ei elgku med ein liten kalv på ryggen.

Sterkt å få vise Kastbakken til neste generasjon.
Sterkt å få vise Kastbakken til neste generasjon.

Opp Kastbakken merka eg at dette ikkje gjekk veldig lett. Enten har Eskil blitt betydelig tyngre sidan fjordårets bæremeisbonanza, eller så har eg gått gjennom ein brå og brutal aldringsprosess. Kanskje ei blanding. I tillegg levde Vassfjellet virkelig opp til navnet sitt denne dagen, med mykje vassing (ja nettopp) ispedd litt fjell hist og her. Vi såg ikkje ein kjeft som var ute og gikk, og eg mistenkte at her går trønderen berre med ski på beina.

Vel vel, junior var blid og snakka både om tre, stein, fly og smokk, før han etter nokon runder med Byssan Lull la inn den vesle åra og sovna. Då var det berre å trå på og kome seg så langt eg kunne før han våkna. Myr myr og atter myr, passerte den fine Vassfjellhytta, opp nokon sleipe og bratte saker som tok tid, før eg kom opp på grusvegen til toppen.

Vel oppe på toppen såg eg på det som er Vassfjellet sit absolutte pre - den flotte utsikta. Denne kan måle seg med kva som heldst av utsikt i midre Syd-Trøndelag.

Utsikta kan måle seg med det beste i nord- og syd-trøndelag. Her mot Trollheimen, med Trollhøtta som dominerande topp
Utsikta kan måle seg med det beste i nord- og syd-trøndelag. Her mot Trollheimen, med Trollhøtta som dominerande topp
Melhus, Buvika og Trondheimsfjorden.
Melhus, Buvika og Trondheimsfjorden.
Rett sørover mot Gauldalen. Innsjøen er kanskje Ånøya? Ilfjellet rett bak, og Trollheimen til høgre.
Rett sørover mot Gauldalen. Innsjøen er kanskje Ånøya? Ilfjellet rett bak, og Trollheimen til høgre.

Vi tok eit par skjever ved Vassfjellhytta medan tunge lår og leggar fekk ein pause. Her kom også nokre innføydde som hadde jaga ungane sine ut i myra på laurdags formiddagen.

Resten av turen gjekk radig, og siste par hundre metera rusla junior sjølv, før han tryna og skrubba panna 10 meter frå bilen. Vassfjellet - dette fjellet ingen forlater uten å få merker.

Oi, her var det mange fine steinar!
Oi, her var det mange fine steinar!
Kanskje ikkje så rart, tatt stadsnavnet i betraktning?
Kanskje ikkje så rart, tatt stadsnavnet i betraktning?

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.