Hyllestad: Sørbøheia og Kvimsen (09.10.2017)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Sørbøvågen (2m)
Endpoint Sørbøvågen (2m)
Characteristic Hillwalk
Duration 2h 15min
Distance 8.7km
Vertical meters 673m
GPS
Ascents Kvimsen (388m) 09.10.2017
Sørbøheia (360m) 09.10.2017

Etter 3 turar orka eg ikkje motivere meg for Fjellstjørnryggen. Kjøyrde heller til Sørbøvåg og handla litt. Innehavaren av butikken var så grei og lot meg parkere bak butikken på ein grusplass. Der kunne eg overnatte. Inn til moloen var det skilta med bubil og campingvogn uønsket! Då vart det ikkje retur til Fjellstjørnryggen, men avslutning av dagen med Sørbøheia og Kvimsen.
Gjekk frå butikken og over veien langs ei mark. Veien svinga så inn i skogen og 30-40 meter seinare var det stabla opp ei steinrøys opp og inn på ein sti. Denne fulgte eg over ei gammal demning og så vestover igjen. Måtte eit stykke bortover og litt ned igjen før eg kom inn på ruta bratt opp granfelta til Sørbøheia. Her var det god sti. Verre var det med stien austover frå Sørbøheia. Veit ikkje om eg traff den i starten men lyng og tuer er ikkje stas å gå i oppoverbakke. Så var veldig glad for at eg ikkje skulle gå opp her. Etterkvart vart den tydelegare og gjekk bratt nedover. Tok av frå stien og prøvde halde høgde sør for Ulvvikåsen i bratt bukkemark og granfelt. Gav til slutt opp og gjekk ned til veien. Ikkje noko merking mot Kvimsen men tok av i ein sving og fulgte ein god sti eit godt stykke nærmast flatt innover. Måtte til slutt ta av frå denne og bratt oppover til toppen på ein del gode dyretrakk som gjekk fint å følgje. Litt einerkratt og elende på slutten. Retur samme veien. Så var det kveld i bilen bak Bunnpris med leskedrikk og potetgull.

Varde, skilting, kasse og bok på Sørbøheia.
Varde, skilting, kasse og bok på Sørbøheia.
Mot Teigesåta som eg var på tidlegare på dag.
Mot Teigesåta som eg var på tidlegare på dag.
Gygrekjeften, den står på blokka eit anna år.
Gygrekjeften, den står på blokka eit anna år.
Mot toppar nord i Solund
Mot toppar nord i Solund
Varden på Kvimsen og Gygrekjeften
Varden på Kvimsen og Gygrekjeften
Den berykta Katlenova
Den berykta Katlenova
Frå Kvimsen mot Sørbøheia
Frå Kvimsen mot Sørbøheia
Dominerande fjellvegg i sør
Dominerande fjellvegg i sør

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.