Hyllestad: Teigesåta (09.10.2017)

Skrevet av boven (Ove Lotsberg)

Startsted Rutle (35moh)
Sluttsted Rutle (35moh)
Turtype Fjelltur
Turlengde 1t 23min
Distanse 4,3km
Høydemeter 451m
GPS
Bestigninger Teigesåta (441moh) 09.10.2017

Hadde lest meg opp på Knut Sverre sin rapport og var spent på denne stien. Kjøyrde seint forbi og kikka men ingenting å sjå. Kom til slutt til tunet på Teige der ein triveleg kar i svært skitten arbeidsjakke og sneip i kjeften kom stigande. Hadde ein lang prat med han om fiske, hjortejakt og Teigesåta. Han forklarte meg at eg skulle parkere ved rundballane og leite etter stien ved ein steingard. Ei kantslåttmaskin hadde knørva skogen og vegetasjon langs veien så alt var berre rot. Ingenting som tyda på sti før eg såg ein klosse som hang i eit tre. Stien oppover var grei å gå, men ikkje lett å følgje. Rundt 250 moh mista eg han over ei lita myr, men kom heldigvis innpå igjen. Sjå GPS-sporet. I skoggrensa var det lite merking men eit svakt trakk litt norvestover og opp mot ein liten varde på ein nabb. Herifrå ingen merking eller sti det slake partiet innover til Teigesåta. Grei tur, men viktig å halde stien i denne bukkemarka!

Her startar stien. Ved steingarden rett over veien frå rundballjane.
Her startar stien. Ved steingarden rett over veien frå rundballjane.
Stien er merka med slike treklossar oppover til skoggrensa.
Stien er merka med slike treklossar oppover til skoggrensa.
Toppvarden mot Atløyna og Askvoll
Toppvarden mot Atløyna og Askvoll
Flott varde, punktet til venstre i bildet kan være høgaste punkt. Norskehesten syner i dette bildet og.
Flott varde, punktet til venstre i bildet kan være høgaste punkt. Norskehesten syner i dette bildet og.