Loppenosi (08.10.2017)

Written by Esone (Einar Moen) GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 4h 28min
Distance 20.8km
Vertical meters 718m
GPS
Ascents Loppenosi (1,611m) 08.10.2017 14:37
Visits of other PBEs Smeddalsvatnet parkering (942m) 08.10.2017 11:55
Valdresdalen Bom (950m) 08.10.2017 11:56

Denne søndagen vart det ein fin tur i fjellet, med haust og vinter til. Vèret var heilt sol, slik det var meldt.

Parkerte mellom Smedalsvotni på Filefjell. Hadde teke med syklar, og trakka inn fjellheimen på anleggsvegen mot Nyset-Stedje. Ei velsigning å ha slike godt vedlikehaldne anleggsvegar, slik at ein kjem greitt langt inn i den ville fjellheimen.

Smedalsvotni.
Smedalsvotni.
Anleggsvegen og mot Øvre Valdresdalstjørni.
Anleggsvegen og mot Øvre Valdresdalstjørni.
Vikadalsvotni.
Vikadalsvotni.

Vi var spent på føret. Kor langt ned ligg snøen, og kor mykje ligg i vegen. Snøen nådde oss på ca. 1100 moh. Men låg fyrst berre flekkvis i vegen. Sola hadde nok smelta litt snø både i dag og i går. Det vart ein fin sykkeltur innover. Ein kjenner godt stigninga opp frå Sluten.

Einar på toppen.
Einar på toppen.
Suletind og mot Valdres.
Suletind og mot Valdres.

Vi sette syklane att nokre hundre meter før Øvre Vikadalsvatnet. Fann ei fin led opp på ryggen. Etter 50 høgdemeter byrja vi verkeleg å kjenne på snødjupna. Det var tungt men særdelse vakkert å gå oppover. Vurderte terreget, og prøvde å gå der det var minst djupsnø.

Kursen sette vi ganske midt på nosi. Etter kvar vart det ein del ur å forsere. Vi viste varsemd, då det er fort å få gjennomtrakk, når snøen dekkar holene i mellom. Det gikk greitt oppover, og var moro å klyve innimellom, og leite etter god rute oppover. Ura hadde fleire nivå, og ein del hylleformasjonar viste veg. Etter eit time og 10 min frå syklane, var vi på toppen.

Frå toppen mot Vang.
Frå toppen mot Vang.
Toppen.
Toppen.
Jotunheimtoppar i det fjærne.
Jotunheimtoppar i det fjærne.
Varden på Loppenosi med Raudbergsnuten bak.
Varden på Loppenosi med Raudbergsnuten bak.
Ein uvanleg roleg Lomhund.
Ein uvanleg roleg Lomhund.
Ruta vi følgde opp, sett nedatt.
Ruta vi følgde opp, sett nedatt.
Loppenosi.
Loppenosi.

Som på dei fleste toppar på blå-blå dagar, var utsikta formidabel i alle retningar. Det var moro å sjå litt av Borgundsfjella frå denne sida. Kråkebergnosi var mørk der ho låg i skuggen, og meir ruvande enn frå andre sider. Elles var utsikta både aust ned mot Tyin og Valdres, ukledd av snø, kontraktsfull til mektige Jotunheim-fjell. Vakre Suletind som alltid, og no innkledd godt med nysnø.

På toppunktet tok vi oss til til skjeve, varm te, naut utsikta 360, og knipsa litt bilder. Ein einsam Lomhund, heldt oss med selskap på toppen. Den var mindre rett enn dei som pilte framfor oss oppover mot toppen.

Nedatt til vegen gikk det ganske radigt, og etter ein god halvtime kunne vi setje oss på syklane i retur mot Smedalsvotni. Kjekt å trille lett i unnabakken nedover, samtidig som ein kan nyte fjella i gode drag :) Superfin tur godt inni hausten. Men på Loppenosi var det vinter.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.