Luftig tur ved Eikesdalsvatnet (29.09.1996)

Written by knutio (Knut Inge Orset) GSM

Characteristic Alpine trip
Duration 8h 00min
Vertical meters 1,700m
Map
Ascents Bjørktinden (1,584m) 29.09.1996
Ågottind (1,526m) 29.09.1996
Kjørte inn til Vikesetra ein flott haustmorgon med 0 grader og klart ver. Starta kl 9.20 og fann fort ein merka sti. Fulgte den oppover til ca 500 moh. Kryssa så ut til høgre under fossen og vidare mot elva. Steig oss jamnt her og kava noko før vi kom ut av bjørkeskogen. Vidare på venstre side av elva til ca 1100. Her var det matpause i kald vind. Kort tid seinare var vi på beina igjen og steig oss jamnt oppover til høgre. No var vi komne heilt inn i fjellsida. Herifra var det bratt, ikke styggbratt, men mykje snø og is gjorde heile affæren noko tvilsom. Stegjarn og isøks vart tidvis brukt og det var på grensa til taubruk. Sjølv om det var berre 250 hm brukte vi ein time, og dei fem siste metra var meget psykende og alle hjelpemiddel (utenom tau) vart brukt. Da vi endelig kom opp på eggen fekk vi eit rått skue. Vi slengte frå oss sekkene og gjekk dei siste 100 m mot Ågottind 1526 etter fin egg.
På eggen mot Ågottind
På eggen mot Ågottind

Nede ved sekkene igjen var det mat. Sola varma godt og det var heit vindstille (bar overkropp). Vidare såg eggen sinnssyk ut. På eine sida var det overhengende ned i Eikesdalsvatnet, på andre sida berre bratt. Vi rusla vidare, som regel på alle fire. Tau slapp vi utrolig nok å bruke. Nokre plassar måtte vi sitte på skrevs over eggen. Ei enorm steinblokk stod også på eggen, så vidt. 10 cm innpå og 1 meter utom. Nede i skardet mellom toppene vart det skygge. Dette førte til meir snø. Vi klauv raskt oppover, og under ein pause midtvegs, skjedde det nesten. Steinen som Vidar stod på lausna plutselig. Med utrolig flaks sneia berre den 200kg blokka meg og forsvann med ville drønn i Eikesdalsvatnet. Med nokre blåflekker fleire fortsette vi og var kort tid seinare på toppen av Bjørktind 1584 etter 6.5 time. Eggen tok ein time. Været var fortsatt flott, og etter ein liten matbit gjekk og jogga vi ned baksida mot 1300m passet. Fulgte så elva ned til 400 m (dette var mye bedre enn bjørkeskogen). Og var raskt innpå stien og nede ved bilen etter nøyaktig 8 timer.

User comments

  • -
    avatar

    Traversen

    Written by luogla 24.07.2018 16:09

    Dere gikk Bjørktind først, traversen Ågottind uten sikring?

    Takk for svar.

    • -
      avatar

      Sv: Traversen

      Written by knutio 24.07.2018 23:04

      Vi gikk på Ågottind først. Brukte ikke sikring, men har nok gjort det skulle jeg tatt turen nå. Det er flere andre rapporter på Pb som beskriver hele traversen. Dette er nok mye finere enn opp østsida som vi gikk.

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.