Trollatraversen (12.08.1995)  6

Written by knutio (Knut Inge Orset) GSM

Start point Nerdal
Characteristic Alpine trip
Duration 14h 00min
Vertical meters 1,800m
Map
Ascents Skarfjellet (1,790m) 12.08.1995
Storgrovfjellet (1,629m) 12.08.1995
Nordre Trolla (1,797m) 12.08.1995
Store Trolla (1,842m) 12.08.1995

V lai avsted frå parkeringsplassen på Nerdal i lett skya shortsver kl 19.40. Tok til høgre ved siste gard og fulgte vegen mellom markene til elva som vi kryssa på fin bru. Derifra etter god sti opp lia. Etter ein time med normal gange var vi oppe på 6-700m. Tok her til venstre oppover mot ei grasslegd rett nedom fjellveggen. Tungt oppover med mykje stor stein og fjellbjørk. Fann også mykje molte å bli mett på. Oppe på grasslegda fulgte vi den mot ei kløft i veggen. Her var det enda meir kjempestor stein med litt småklyving. Etter kløfta holt vi litt til høgre og hamna frampå kanten der vi såg ned i Innerdalen. Foran oss var det ein bratt vegg som måtte forserast på høgre side. Vart ein del vanskelig kliving mens mørket kom krypende. Vel oppe trudde vi at toppen var i syne og kreftene kom tilbake. Men det var drygt og etter ytterligere 30 min var vi endelig på toppen av Skardfjellet på 1790 mho. Vi hadde brukt 3.50 opp. Litt nysnø, men varmt og fint og nok plass å ta av. Natta skulle no tilbringes på toppen uten sovepose og telt. På med alle klær som vi fann i sekken og til å sove. Vakna kl 01.30, kaldt. Opp å springe, ete mat og bygge levegg. Kl 04.17, vakna igjen. No var det enda kaldare så vi åt frokost igjen, pakka sammen mens sola rann i N-Ø. Passerte hovedtoppen som var ca 2 m høgare og Trolla openberte seg. Mykje gåing opp og ned i stor stein og mange kløfter og spir vart passert. Men ranglinga var artig og sjåverdig. Innerdalstårnet og Såtbakkollen på venstre side og Vinnubreen på høgre. Vart meir kliving mot Nordre Trolla på 1800 moh. Kl var 8.15, rart å tenke på at vi hadde gått i 4.5 time alt, mens andre låg og sov. Her vart dagens tredje frokost inntatt. Ned igjen, ut med tau for ein kort rapell, ned i djup kløft, ut på snøfonna på venstre side. Gjekk innpå berget for tidlig. Nervepirrende kliving, våt mose og mykje laus stein. Tek etterkvart fram tauet og vandrer oppover med mellomforankringar. Kjem opp på eggen og Trolla reiser seg til vers. Går ut til venstre for toppen, traverserer ei taulengde, mose og laus stein. Går så ei kort taulengde rett opp med fin og artig klatring, ca 4+. Ser over kanten og konstaterer at toppen er nådd kl 10.00. Sol og kjempever her på 1850 m også. Et, drekk, nyt utsikta og slapper av. Kjem oss avsted nedover eggen igjen, ut til høgre men kjem for langt ned. Over eggen igjen og ned på snøfonn på andre sida. Pga. lite overskudd og mangel på motivasjon, let vi sørtoppen vere ubestegen. Går nedover snøfonnene med tau, isøks og stegjarn, nokre sprekker, artig. Kjem innpå ei styggbratt snørenne langt inne i ein djup bekkadal. Sikrer kvarandre med isøksene, heldigvis. Eg mister festet og glir, vert hengende 1,5 m over bekken og ein ufrivillig tur under snøfonna. Godt å sjå at utstyret fungerer. Går rolig nedover og følg snøfonner til vi er nede i dalen eit stykke oppom Giklingdalsvatnet. Kjem innpå turistruta og følg stien ned mot Innerdalshytta. Føtn byrjar å verke og humøret er dalande, iallfall når vegen ned til bilene aldri tek slutt. Bedre vert det heller ikke når regnet siler ned og skodda trekk nedover fjellsidene. Men endelig er vi nede ved bilene etter 10 t og 25 min. Godt fornøgde etter 2 steinharde dagar med over 14 timers gange. Tung og lang tur. 1800 hm.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.