Norges lengste bakke (25.07.1995)

Written by knutio (Knut Inge Orset) GSM

Vertical meters 1,850m
Map
Ascents Storkalkinn (1,880m) 25.07.1995

Start ca kl 10. Fulgte god sti opp til Haremsdalen, ca 1 time opp lia i fint shortsver. Fortsette vidare innover dalen til navnlaust vatn på 750 m. Her tok vi rett til høgre oppover fjellsida. Etter nokre vanskelige punkt i starten som var på grensa, kom vi innpå ein egg. Det steig seg raskt med hovedsakelig kliving heile tida. Traff stadig på noko som ligna ein sti, men den forsvann igjen med ein gong. Traff nokre nysnøfonner opp mot toppen som innebar litt leiting etter passasjer. Fulgte eit lite galleri rett under toppen før vi måtte klyve litt igjen. Luftig og litt snø og is. Men opp kom vi, trudde vi, det var enda eit kvarters gange før vi var på toppunktet som låg 10 m høgare. Boka på toppen fortalte at berre 2-3 stk hadde vore her før oss i år. Brukte 4.15 opp med relativt hard gange. Vi åt og drakk før det barst ned igjen. Første delen tok litt tid. med da vi kom innpå snøfonnene til venstre for der vi kom opp, gjekk det styggfort. På 50 min var vi nede i dalen og ned siste lia sprang vi også råfort. Etter 1.30 fra toppen var vi nede ved bilene, heilt utslitt etter 6.5 times rask tur. Normalt middels tung tur. 1850 m stigning.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.