Haram: Søvikdalen rundt (17.09.2017)

Written by Freeflex (Ragnar Liaskar) GSM

Map
Ascents Gamlemsveten (791m) 17.09.2017
Litlehornet (467m) 17.09.2017
Skålbotsheia (615m) 17.09.2017
Storhornet (584m) 17.09.2017
Tverrbotshornet (752m) 17.09.2017
Visits of other PBEs Søvikdalen p-plass (81m) 17.09.2017

Etter oppvarming med to lave øytoppar var eg klar for mi første Haramsrunde. Parkerte som anvist i appen og fulgte først veg (som startar litt nedom parkeringa), så sti som gjekk over i sporadisk myrtrakk oppå eidet. Merkinga gjorde at eg likevel fann fram og ikkje fulgte småstiar som tok av og enten kunne være "snarvegar" eller hjortetrakk mot Litlehornet. Stien går over heile eidet til ein ser ned på andre sida, så til høgre mot Litlehornet.

Nede på eidet igjen fulgte eg godt merka og denne gong litt tørrare rås og ur til Storhornet og Skålbotsheia. Valde gå rett ned sida i staden for å gå vidare på ein sti som såg svak ut og gjekk i fleire boger mot Tverrbotshornet. Trur eg sparte eindel tid her. Gjekk oppover sida mot Tverrbotshornet og svinga mot egga der stien frå dalen kom opp. Den var som ellers i området godt merka og tok den same vegen nedatt til eg nådde ein av svingane på vegen mot Gamlemsveten. Fulgte veg opp i tåka som ga heilt ned i 10m sikt på toppen. Sjølv om været ikkje var topp på dei to siste toppane får ein seie seg nøgd med 6x pf100 på ein søndags ettermiddag/kveld.

Frå Litlehornet mot Storhornet, Skålbotsheia og Tverrbotshornet.
Frå Litlehornet mot Storhornet, Skålbotsheia og Tverrbotshornet.
På veg ned frå Tverrbotshornet kom eg ut av tåka som dekka toppen. Flott utsyn mot Ålesund, Godøya etc.
På veg ned frå Tverrbotshornet kom eg ut av tåka som dekka toppen. Flott utsyn mot Ålesund, Godøya etc.
Sikta på Gamlemsveten var ikkje allverden. Flott varde dog!
Sikta på Gamlemsveten var ikkje allverden. Flott varde dog!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.