Kristine og eg dro på ein ny campingtur, også denne gongen valde vi å campe ved Valtjønna på Jotunheimvegen. Som tur på laurdag valde vi Oskampen. Vi køyrde innover Oskampvegen, og parkerte like ved der råket mellom Oskampen og Storeskag passerer vegen. Vi følgde dette råket til hytta. Frå hytta gjekk vi opp på Sørtoppen og vidare på Oskampen. Nede at ved hytta registrerte vi den vesle toppen ved siden av hytta. Ein fin tur i strålande haustvêr.
Knutshøe
På sundag pakka vi sammen campingutstyret og køyrde vidare innover Jotunheimvegen. Knutshøe var målet for turen. Vi satt fra oss vogna like etter bommen, før vi køyrde og parkerte på Vargbakken. Derifrå følgde vi råket opp og ned på Knutshøe. På toppen hadde vi strålande sol, så vi tok ein matpause der. Ein flott tur.
Kommentarer