Familietur i retning Sikkedalshøe (16.09.2017)

Written by Hommpbollen (Tor)

Duration 4h 28min
Distance 10.9km
Vertical meters 445m
GPS
Visits of other PBEs Sikkilsdalen og høe stistart (1,013m) 16.09.2017 11:22
Sikkilsdalshøe stidele (1,145m) 16.09.2017 12:31

Så var det endeleg duka for ei dugandes familiehelg på Beitostølen - som etter mamma Britt si meining, sitat; "fan meg var på tide".

Første dagen vart målet sett til Sikkildalshøe. Vi starta i nærmast perfekt vêr frå Maurvangen, og parkerte inne på campingplassen. Det hadde nok ikkje camping-eigaren godkjend, om han da hadde sett det. Men det gjorde han altså ikkje.

Første bommerten var at fjellskoa mine låg att på hytta. Så da vart det spasering i småby-sko, for øvrigt i samsvar med trenden på Besseggen like ved. Sist eg gjekk der såg eg til og med nokre kinesarar med lakksko og parasoll. Eg følte meg likevel ikkje mindre tosk av den grunn.

Frå parkeringsplassen gjekk vi forbi nokre campingvogner og kom fort inn på stien. Her gjekk det i langt, slakt terreng gjennom skog og kratt fram til foten av fjellet - og derfrå ein lang anmarsj oppover. Så lang meinte nokre han var, at da vi berre var 300 meter frå toppen var det fleirtal for å snu. Så snudde vi da, og fekk ingenting å skrive heim om. Gamle Jo Gjende ville nok og ha snudd seg. I grava vel og merke, hadde han fått vite om denne galskapen. Jaja, turen stod no i alle fall i samsvar med skovalet.

Dystre skyar i horisonten.

For ein gongs skuld eit flott bilete av broremann.

T for tosk

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.