Buldring og bloggtreff på Harbak (02.09.2017)

Written by kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Characteristic Bouldering
Duration 43h 04min
Map
Visits of other PBEs Harbak 02.09.2017

Buldre- og familietur til Harbak. Svigers var taua med som barnevakt, men Kona var uansett ikkje i form, så det vart solobuldring på familiefaren. Eg prøvde 10000000 gongar på Høygaffel (7b+) og kom meg 5cm lenger sidan sist. Ellers klarte eg nesten ingen ting.

Familien kosa seg max i fineværet, og såg både sau, hest, geit og lama.

Av andre ting kan nevnast at eg tok med guten i meisa på klatrefelt-safari. Veldig mykje flott stein utpå her, perfekt til kileklatring og andre bratte aktivitetar.

Ellers traff eg også den middels berømte ex-klatrebloggaren Kjetil Grimseth for ei lita buldreøkt. Bloggen hans var sterkt medverkande til at eg byrja alpinklatring sjølv. Saman prøvde vi i dag på buldreprosjekt som ingen av oss fekk til. Det skapte vel kanskje eit fellesskap.

Det vart tatt ekstremt få/ingen bilete på denne turen - vi var kanskje for opptekne med å kose oss i det fine været?

User comments

  • -
    avatar

    Stor fremgang!

    Written by SturlaS 03.09.2017 22:46

    5 cm forbedring på ei økt er jo strålende! Sjekk ut The Lappnor Project; han holdt på i 4 år med ett og samme buldreproblem (riktignok verdens første 9A men)..

    • -
      avatar

      Sv: Stor fremgang!

      Written by kobbenes 04.09.2017 08:22

      Takk takk! Alle perseprosjekta mine har vore slik, så det er berre å smøre seg med tolmodigheit ja :-) Buldring er ein langsom sport.

      Ellers kan eg jo ikkje skulde på forholda heller, sidan verdas hardaste sportsklatrerute vart gått hakket lenger nord samme dag ;-)

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.