Stranda: Båsenibba, Sætrenibba (02.09.2017)

Written by Freeflex (Ragnar Liaskar) GSM

Map
Ascents Båsenibba (910m) 02.09.2017
Kjerringane (848m) 02.09.2017
Sætrenibba (859m) 02.09.2017

Kjapp laurdagstur sidan eg ikkje kom meg avgarde før ettermiddagen og eg vil ha litt saft i beina til komande dagar med flott ver.

Parkerte ved den store parkeringsplassen ved Herdalen og fulgte postvegen til eg såg nokre trakk som tok av mot venstre litt før råsa på kartet var merka inn. Fulgte denne opp til skaret mellom Kjerringane og Timbjørgheiane. Raskt oppom høgste Kjerring før eg fulgte egga tilbake over heiane og til Båsenibba som hadde ein meget flott varde litt nedanfor toppen.

Frå foten av Båsenibba fulgte eg svak men tydelig rås på fjordsida av vatnet og sidan opp i skaret på vestsida av toppen på Sætrenibba. Her kom eg innpå råsa som kom opp frå postvegen og då var det kjapt gjort både til topps og nedatt på vegen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.