Store smørstabbtinden (02.09.2017)  6

Written by Esone (Einar Moen) GSM

Characteristic Alpine trip
Duration 7h 32min
Distance 15.0km
Vertical meters 1,012m
GPS
Ascents Store Smørstabbtinden (2,208m) 02.09.2017 10:12
Visits of other PBEs Krossbu parkering (1,255m) 02.09.2017 17:40

Frå Krossbu kl. 10:10, opp på ve. side langs Leira. Vi gikk opp til brevatnet ved Leirbrean , for å sjå breen på nært hald. Så rundt brevatnet, og oppstigning på høgre side av elva. Øvst var det veldig bratt, og berre ei rute som er god (grei). Pass på at du ikkje går for langt til venstre (bratt laus vegetasjon), eller til høgre (bratt berg). Gå opp til, og under ein stein/hammar, og ruta går fint på greie hyller att og fram.

Elva Leira og Store smørstabbtind.
Elva Leira og Store smørstabbtind.
Brevatnet under Leirbrean.
Brevatnet under Leirbrean.
Isskulptur.
Isskulptur.
Bratt opp på høgre side av elva.
Bratt opp på høgre side av elva.
Leirbrean.
Leirbrean.
Vinter i anmarsj i høgda.
Vinter i anmarsj i høgda.

Oppe på platået sør om Leirvatnet, er det å halde i vestsida av tinden oppover. Både vardar og tydeleg trakk, viser veg oppover. Når det flatar ut under ei lita snøbre ved 1900 moh, må ein vurdere terrenget for stigninga i det bratte partiet. Du skal følgje «risset» til høgre for midten. Det er nokre vardar og tydeleg trakk oppover. Du bør bruke tid på å finne dei, for då går det greitt å komme opp. Vi gikk på snø i dag, og ein må då vere veldig forsiktig i det brattaste partiet. Det er ikkje langt, men går på nokre hyller og det er sva nedanfor. Gode tak å halde seg i. I dag var det snø. Ved is hadde eg ikkje gått opp utan sikring. Plutseleg flatar det ut ved 2075 moh. Toppen kan ein bruke god tid på. I dag var de stilt, og vi var på toppen i over ein time. Seks personar var på toppen, og vi møtte folk på veg ned og på veg opp. På toppen er det berre å kike og nyte. Ta seg god tid. Vi måtte også ta bilder, skifte kle, og få i oss noko mat.

Einar og Marita på toppen.
Einar og Marita på toppen.
Eggen ned og Kniven !
Eggen ned og Kniven !
Leirdalen med toppar. Galdhøpiggen heilt til høgre.
Leirdalen med toppar. Galdhøpiggen heilt til høgre.

Turen nedatt gikk greitt. Vi var litt bekymra for om det vart vanskelegare i det brattaste partiet på nedturen. Vi møtte 8 jenter i hyllegaleriet der det var brattast. Dei var konsentrerte og vi stoppa, så dei fekk tid å komme trygt forbi. Vi brukte god tid på hyllegaleriet, for ikkje å risikere at fin fot glei ut. Det gikk heilt fint, men det var ein god følelse å komme forbi, og ned i betre terreng.
Då vi kom ned til flata, og elva frå Leirvatnet, valde vi ruta over toppen 1723, slik at ruta herifrå og ned til 1500 moh. gikk litt lenger nord enn då vi gikk opp.
Vi brukte 7:32 i brutto tid, og 6:15 i gangtid, medrekna ein liten matpause, god tid på toppen, og eit utal mindre fotopausar 

User comments

  • -
    avatar

    Turrapport

    Written by Esone 03.09.2017 14:43

    No har eg skrive turrapport og lagt ut bilder.

  • -
    avatar

    Forhold

    Written by JohnTiger 03.09.2017 08:46

    Hei! Hvordan var forholdene opp til Store Smørstabbtind? Isete og glatt på steiner eller ?

    • -
      avatar

      Sv: Forhold

      Written by Esone 03.09.2017 13:17

      Nysnø frå ca. 1950 moh. Må vere forsiktig i det bratte risset, og følge ruta. Litt rim på stein lenger nede, men uproblematisk da det er mindre bratt der. Vi var to i lag (+ ein med hund som vi traff på vegen, og fire andre på toppen), og eg talde til 18 som var oppe i går. Ei grei bestigning når det er tørt, men litt meir forsiktigheit krevast når det ligg snø som i går. Vi følte oss trygge, men var veldig forsiktige i partiet som var brattast. Vi nytta ikkje sikring, og det var gode tak å halde seg i. Ein må vere varsam i det brattaste partiet så ein ikkje løyser ut stein på dei som går nedanfor. Store smørstabbtind var fantastisk. God tur dit ei gong :)

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.