Skodje: Merafta ++ (30.08.2017)

Written by Freeflex (Ragnar Liaskar) GSM

Map
Ascents Haugtua (354m) 30.08.2017
Meraftafjellet (576m) 30.08.2017
Utvikfjellet (254m) 30.08.2017
Visits of other PBEs Gudmundset p-lomme (40m) 30.08.2017
Nedre Haugtua p-plass (70m) 30.08.2017

Hadde egentlig tenkt meg på Merafta pluss tre småtoppar i kveld, men det vart med Merafta +2. Litt av grunnen var at eg kom seinare avgarde enn planlagt, men også en del misvisande info på kartet. Meir om det lenger nede.

1.På Merafta gjekk alt som planlagt. Parkering ved Gudmundset p-lomme ved bommen og greit merka til topps.

2. Vidare til Nedre Haugtua p-plass der skilt gjorde merksam på at køyring vidare oppetter vegen var forbode medmindre det var til eigedomar. Så den andre parkeringa som er merkt av med klikkbar "P" på kartet er dermed ikkje brukandes om ein ikkje vil risikere bot. Nokre ekstra høgdemeter har eg berre godt av, men skjønte då at det kunne bli knapt med tid før mørket om eg skulle rekke over alt eg hadde planar om ;)

3. Utvikfjellet. Her er det merka av veg over eidet, men denne er stengt med bom på begge sider og den klikkbare "P" som står avmerka midt på eidet gjelds altså ikkje. Det er mulig dette er av nyare dato sidan ein turgåar eg møtte sa alt hadde vore opprusta og oppmerka på nytt i seinare tid.

Det var for mørkt og eg hadde uansett ikkje med haudelykt, så droppa siste toppen i kveld. Det kjem nok fleire sjansar ;)

Edit: Ser nokon har ordna opp på kartet allereie og fjerna P-plassane eg skreiv om over her. Takk for den, så slepp andre havne i riktignok små misforståelsar!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.