Størnafjellet og nabotopper (04.07.2017)

Written by kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Start point Tveit (95m)
Endpoint Tveit (95m)
Characteristic Hike
Duration 11h 30min
Map
Ascents Nord for Espevatnet (342m) 04.07.2017
Kyrkjeleidfjellet (536m) 04.07.2017
Middagsåsen (389m) 04.07.2017
Skorpefjellet (479m) 04.07.2017
Nora Størnafjellet (534m) 04.07.2017
Søra Størnafjellet (553m) 04.07.2017
Svadbergsfjellet (460m) 04.07.2017

Parkerte på tilrettelagt p-plass på vestsida av Rv 13 ca 150 m nord for avkjøringa til Songesand. Herfrå er det merka turløype opp til Middagsåsen. Fin skogsveg oppover og så tar stien av til venstre på ca 220 moh. Vardebok på Middagsåsen. Fulgte så stien ned igjen til skaret aust for toppen og så på ein utydeliare sti vestover som nok fører inn på skogsvegen igjen. Men eg gjekk vidare gjennom skogen vestover til Størnafjellets to topper, og så til Kyrkjeleidfjellet og forbi den nedlagte garden Drifland til Skorpefjellet. Frå Drifland går det veg ned til Måland ved Rv 13 slik at dette vil vera enklaste adkomst til Kyrkjeleidfjellet, utan at den vegen var aktuell for meg nå.
Så fulgte eg ein sti nordover til Espevatnet der eg kom inn på god skogsveg. Var så oppom ein skogstopp nord for Espevatnet før eg gjekk vidare austover til Steinskard sør for Svadbergfjellet. Herfrå fulgte eg ein sterkt gjengrodd skogsveg et stykke oppover i sørsida av Svadbergfjellet og så vidare gjennom skogen til toppen. Gjekk så ned igjen til Steinskard og vidare austover ned den bratte skogkledde fjellsida der eg til alt overmål kunne følge relativt god men umerka sti ned til eit lite grustak. Til slutt drøyt 2 km vandring langs Rv 13 tilbake til utgangspunktet.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.