Vanylven: Lisjekrokhornet (28.08.2017)

Written by Freeflex (Ragnar Liaskar) GSM

Map
Ascents Litle Krokhornet (423m) 28.08.2017

Mandagstrim 1/3

Var på Lauvstad og såg til dyr for fattern og då tenkte eg å få med meg nokre Vanylvstoppar når eg først var på "rette" sida av fjorden. Meldingane var ikkje voldsomt gode, men skulle ikkje være så mykje regn heller, spesielt ikkje på tidlig ettermiddag/kveld.

Parkerte ved rasteplassen i Krokevika og her var det voldsomt til blest og litt regn i lufta. Behagelig temperatur gjorde at eg satte avgarde i t-skjorte og kun med vindjakke i rumpetaska. Det gjekk storfint sjølv om eg måtte ha ei hand på capsen store delar av toppegga. Godt merka rås opp til skaret mellom toppen og vatnet, grei vandring utan rås dei få høgdemetarane opp.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.