Vesle Skjellingshovde - andre forsøk (25.08.2017)  4

Written by bakken59 GSM

Duration 3h 36min
Distance 10.4km
Vertical meters 383m
GPS
Ascents Store Skjellingshovde (856m) 25.08.2017 09:55
Vesle Skjellingshovde (860m) 25.08.2017 11:28
Visits of other PBEs Skjellingshovde parkeringsplass (705m) 25.08.2017 09:36
Stidele Skjellingshovde (755m) 25.08.2017 09:43

Overnatta i Airbnb-heim på Odnes, 300 kr inkludert frukost! Derifrå starta eg kl 0830 i strålande sol. Randsfjorden er berre så nydeleg, måtte berre stanse midt på Flubergbrua i den stille morgonen for å ta eit bilete. Etter brua tar ein til høgre og så direkte til venstre der det er bomveg. 80 kr i kontantar eller PR vipps. Her prøvde eg meg i fjor haust, Sommardekk på det som etter kvart viste seg å vere vinterveg, nervepirrande! Det er langt å køyre innover, følg Skjellingsvegen heilt til ein ser eit skilt på høgre side der det står Skjellingshovde. Vegen frå skiltet er kjempedårleg, så eg kraup innover, denne var faktisk betre på vinterføre! Parkerte på p-plassen, og tok venstre veg opp til kjettingen og stidele, sjå bilete. Stigen opp til Store Skjellingshovde er bratt og fin, ein rask tur opp til hytta og tårnet. Derifrå er det flott utsyn, såg Vesle Skjellingshovde som ser ganske nær ut, og den framandarta granskogen andre vegen, som eg også måtte ta eit bilete av. Sist gjekk Marit og eg i halfrosne kvite myrar bortover, heilt til vi begge to søkk nedi ein myrepytt til låra og snudde! Denne gongen følgde eg kanten av myrane der det er eit tråkk til eg kom på denne flotte benken som var sett ut, hadde ikkje lagt merke til den sist. Og rett bak går det jo ein blåmerkt stig! Følgde den fram til Hovdeskardet, og drog så til venstre ved den store myra, gjennom eit skogholt og så ut på utruleg nydeleg stor myr der (bilete). Så blei det verre, skar rett og slett opp til høgre og busha i veg. Hadde heldigvis GPS og Knut Sverre sitt spor på telefonen, for det er veldig vanskeleg å beregne avstand i slikt kronglete terreng. Trudde eg var oppe fleire gonger. Eg kom over raudmerkte trestomnar oppi der, rett nok litt avbleikte, men det gav jo eit hint om at ein var på rett spor! Mista dei igjen, men fann toppen takka vere GPS-en. Niste, bilete, og så heimveg. Frå toppen følgde eg raude merke ei stund, men mista dei igjen, og det blei ny parallell bushetrase nedover. Eg brukte 1 time og 54 opp, ein del mindre ned, for totalt hadde eg brukt 3 timar og 35 minutt, inkludert pause. Herleg ver, mykje molter og blåbær. Gjekk aleine.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.