Folarskardnuten, ferdig med Buskerud! (23.08.2017)  6

Geschrieben von bakken59 GSM

Startpunkt Stølen (998m)
Tourcharakter Bergtour
Tourlänge 8h 25min
Entfernung 21,0km
Höhenmeter 1.006m
GPS
Besteigungen Folarskardnuten (1.933m) 23.08.2017 13:30
Besuche anderer PBE Nordre Stølen parkering 23.08.2017 09:07
Lordehytta (1.620m) 23.08.2017 11:48

Enter å ha sjekka værvarselet måndag kveld, og fordi eg har eit par ferieveker eg tar ut før eg skal starte i ny jobb, greidde eg å hive meg i bilen tysdag morgon og hadde ein draumetur opp Hallingdal, med mykje kulturminne slik eg likar det. Overnatta på Storstølen, god middag og frukost, flott standard på rommet, men prisa deretter. Køyrde tilbake og inn Raggsteindalen, og følgde grovt sett turopplegget til Sola og Knut Sverre. Men egvar nok utruleg mykje heldigare med vêret enn dei var. Dei gjekk akkurat denne veka i to ulike år ser eg. Eg gjekk i kortarma trøye heilt opp til Lordehytta. Der bles det, så eg tok på anorakk og lue. Eg var veldig spent på det bratte partiet der, og trur eg hadde omtrent akkurat same forhold som Knut Sverre og Astrid. Alt gjekk greitt, men eg hadde høg puls opp den bratte fonna. Hadde stav med skarp pigg i høgre handa, og tok meg god tid til å lage gode trinn til føttene i snøen, men hadde eg rutsja ned, hadde det fått trasige konsekvensar, så eg var litt nervøs. Måtte så klyve opp det vesle berget for enden av fonna (sjå bilete), men der kjende eg på meistring, så det var jo bra! Gjekk utan å sjekke kart så nøye, så då eg fekk auge på varden på sekundærtoppen, heldt eg den retninga heilt til eg fekk auge på den eigenlege toppvarden bak meg, så eg snudde og hamna rett. Utruleg flott utsyn, Hardangerjøkulen, Hårteigen og Gaustatoppen den eine vegen, og bak meg låg Hurrungane med spisse takkar. Slomsa litt nedover, gjekk litt på retning utan kompass eller gps, og blei frista til å gå fonner slik at eg hamna litt for langt vest. Måtte på med GPS, og tok meg då greitt inn att. Frå skardet aust for topp 1731, var det greitt varda, i Veslebotn gjekk det islandshester og beita. Elles sau, tre rjupekull flaug opp, og oppover trur eg eg høyrde ein fjellrev som gjødde - to gonger i ei bratt ur til høgre for meg. " Rakkjen skvakka i berge nord". Nede i Raggsteindalen greidde eg å tulle meg opp i sida langs eit sautråkk, men tok meg inn att - rett nok ved å vasse over ei våt myr, der eg plumpa til midt på leggen. Gjekk i trøye det siste stykket også, utruleg flott dag. 8 timar og 26 minutt på 21 km i følgje peakbokkappen. Hadde gløymd garminklokka,, og den er meir presis, men det får vere godt nok. 1006 høgdemeter trur eg også er for lite. Gjekk altså aleine, og er supernøgd med siste topp i Buskerud, fylkestopp nr 13, og ein topp på lista med dei 1000 største pf-toppane.

Benutzerkommentare

  • -
    avatar

    Gratuler med Buskerud. Kristin

    Geschrieben von siroho 24.08.2017 10:27

    Det var en flott turbeskrivelse og bilder. For et vær. Jeg har selv vært opp i det bratte partiet en gang og snudde, men nå står Buskerud lista for fall for meg også, så da må jeg. Etter din beskrivelse og bilde så gleder jeg meg til turen, men det blir ikke før til neste år.

    • -
      avatar

      Sv: Gratuler med Buskerud. Kri

      Geschrieben von bakken59 24.08.2017 21:46

      Takk for respons! Håper du får like fine forhold neste år! Det er ikkje alltid at ein har vilkår for å gripe dagen slik eg hadde denne veka.

  • -
    avatar

    Gratulerer Kristin!

    Geschrieben von knutsverre 23.08.2017 20:24

    Flott fylkestopp i nydelig vær, vakre bilder og et perfekt GPS-spor! Dette var nok en kjempeflott tur!

    • -
      avatar

      Sv: Gratulerer Kristin!

      Geschrieben von bakken59 23.08.2017 22:20

      Draumeforhold i dag ja. Stolt over å ha gått turen aleine, den fonna opp frå Folarskardet var einaste punkt der eg gjerne skulle hatt med meg nokon. Elles super tur, sjølv med tre små avvik på vegvalet. Skal prøve meg på Blåskavlen i morgon, sit i Aurland og skal sjekke turrapportar no.

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.