Horgehorna (22.08.2017)

Written by Esone (Einar Moen) GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 3h 40min
Distance 11.6km
Vertical meters 1,098m
GPS
Ascents Horgehorna sør (1,503m) 22.08.2017 17:02
Horgehorna (1,505m) 22.08.2017 17:06

Ein finvers ettermiddag måtte nyttast til fjelltur. Det går ein svært fin sti frå Kongevegen rett bak Borgund stavkyrkje, og heilt opp til Øygardsbotn, 1180 moh. Raudmerka og varda. Stien går også til Øvre Liastøl, der ein kan gå nedatt via Nedre Liastøl og til Li ved Borgund Kraftverk. Ved Øygardsbotn er det eit omfattande anlegg av gamle vatningsveiter. Desse er merka i terrenget. Terrenget frå 1000 moh, og oppover langs ryggen er svært vakkert. Denne turen tilrådast på det sterkaste (sjølv om ein ikkje skal til Horgehorna).

Toppturen til Horgehorna er likevel verd investeringa det er i dei sist 300 høgdemeterane. Panoramaet på 360 frå Horgehorna i heilt klårt augustver var svært vakkert :)

Borgundsbygda. Toppen Bringe til høgre.
Borgundsbygda. Toppen Bringe til høgre.
Øvre Liastøl. Toppen Bringe.
Øvre Liastøl. Toppen Bringe.
Dalen mot Øygardsbotn og Horgehorna.
Dalen mot Øygardsbotn og Horgehorna.
Flott høgfjellsterreng.
Flott høgfjellsterreng.
Toppane Bringe og Grytingen med Vassetvatnet i mellom.
Toppane Bringe og Grytingen med Vassetvatnet i mellom.
Perfekt varde.
Perfekt varde.
Horgehorna. Høgste punktet er ved minste varden.
Horgehorna. Høgste punktet er ved minste varden.
Høgaste punktet på Horgehorna.
Høgaste punktet på Horgehorna.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.