Eldrehaugsfjell (20.08.2017)

Written by Esone (Einar Moen) GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 4h 02min
Distance 14.9km
Vertical meters 886m
GPS
Ascents Slettind (1,592m) 20.08.2017 13:18
Breinosi (1,641m) 20.08.2017 14:43
Breinosi Nord (1,602m) 20.08.2017 15:11

I dag var målet eit par toppar i Lærdalsfjell med primærfaktor over 100 meter. Belønninga vart ein veldig fin tur i høgfjellet. Dette terrenget søraust for Eldrehaugsvatn, og på grensa til Hemsedal kommune var nytt for meg.

Følgde ei planlagt rute, men hadde ingen spor. Då blir det å lese fjellet, og sjekke ut undervegs kor ein er. Dette tykkjer eg er fasinerande, og gå i fjell ein ikkje heilt kjenner, og finne ei fin rute. GPS og kart er med som ekstra tryggleik.

Gløymde å ta bilete av fyrste toppen, Slettind. Tok eit bilete frå avstand, som vart noko mørkt. Til Slettind tok eg ruta langs ryggen heilt opp. Måtte litt til venstre rett under det brattaste. Greitt. Nådde toppen etter ein knapp time. Så valde eg å følgje høgdene i retning Bandnøse. Greitt ned skaret mellom 1565 og 1547. Her var det å ringe over på hi sida av Hestebakkdalen.

Rekna med at det skulle gå greitt å komme opp rett til høgre for grova på hi sida. Det stemde. Opp denne bratta, litt til høgre, og så rett på neste topp, Breinosi. Deretter ca. 25 min over til Breinosi Nord. Så var det å finne fin kurs attende til hyttene i austenden på Eldrehaugsvatnet, og få hundre meter tilbake til bilen. Det gikk fint å finne kurs. Gikk på augnemål og følelse, og traff godt. Alltid ein god følelse. Fint ned langs grova som renn ned i Hestbakkdalen.

Turen gav meg gode følelsar. Høgfjell med stein, frodige dalar, myrområde, fugl i fjellet. Kontrastar og godfølelse. Kroppen fungerer godt og livet er hærleg :) Denne turen kunne eg godt hatt følgje på. Men denne gongen vart det solotur. Det har også sin sjarm.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.