Kommunetopp - Nes i Buskerud: Hallingnatten 1314 m (20.08.2017)

Written by josokbakke (Ole-Johann Jøsokbakke) GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 3h 53min
Distance 14.4km
Vertical meters 544m
GPS
Ascents Hallingnatten (1,314m) 20.08.2017

Hallingnatten 1314 moh, høyeste toppen i Nes kommune i Buskerud. Etter å ha gått opp på Storegrønut og Borgsjåbrotet på laurdag, satte eg meg i bilen og køyrde vidare til Bromma i Hallingdalen og opp på fjellet til Buvatn på 926 moh, der eg overnatta. Klokka blei vel halv to før eg kunne krype ned i soveposen. Det klarna heilt opp og det var ein fantastisk stjernehimmel som eg kunne beundre der eg låg inne i bilen og kikka ut takvinduet. På søndags morgenen var flott vær, men det skya over før eg var ferdig med frokost. Det blei ein veldig (uvanlig) tidlig start på turen. Eg satte i gang med friskt mot, men etter eit par km forstod eg at eg gjekk feil. Det blei ei fin runde på fjellet, sjøl om det ikkje løypa blei heilt som eg hadde tenkt. Det var lett terreng her også, so eg tok ikkje det så nøye med å følge stiane. Viss du skal gå den kortaste vegen er det ikkje lurt å følge mitt GPS-spor... På denne turen såg eg rødrev, ryper og fjellvåk, men ingen rein; berre reinsjegere (jakta starta kl. 07.00). Fin tur!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.