Rauma/Nesset: Gjuratinden (09.08.2017)  6

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Rabben (160m)
Endpoint Rabben (160m)
Characteristic Hillwalk
Duration 7h 51min
Distance 15.0km
Vertical meters 1,750m
Map
Ascents Gjuratinden (1,712m) 09.08.2017
Sørvest for Nyheitinden (1,430m) 09.08.2017

Rauma pf 100 159/161
Møre og Romsdal pf 100 1055/1157
Jan Petter var klar for ny tur etter gårsdagens stortur til både Kvanndalstinden og Romsdalshornet. Kjøyrde bomveg kr 50 til Rabben. Gode parkeringsforhold, stor plass merka med P. Stien startar litt nærmare hyttene og er merka Hoemsbu og Svartvassbu. Veldig god sti som vi fulgte nesten opp til Hoemskaret sør for 1430-toppen. Her tok vi av over snøfelt/bre på austsida av Gjuratinden. Første vanskelege punkt er å kome seg av breen og inn på svapartia. For oss gjekk dette fint, men her kan det være vanskar om meir snø er smelta. Svapartiet er glatt, dvs fuktighet her er lite gunstig. Det er bra med tak om ein held seg heilt inntil fjellet. Når vi kom opp og bak den neste snøbreen fann vi rapellslynger. Vi tok ein kort rapell ned her.
Andre vanskelege punkt er når ein har klyvra oppover sørryggen og nærmar seg toppen. Då er det eit bratt parti med gode tak. Det er imidlertid veldig høgt og styggt nedunder så her må ein vise aktsemd og bruke dei gode taka som er. Eit fall ville vært fatalt.
Tredje punkt er når ein så kjem opp på nordryggen der den møter siste hammaren. Her er det bra tak for hendene så vi kom opp opp utan bruk av tau. Vi rappellerte ned her.
Konklusjonen er at det er muleg å gå denne ruta både opp og ned utan bruk av tau, men det er absolutt å anbefale å ha med utstyr.
Dette er ein av dei finare turane i Rauma, og toppunkter er luftig og spennande. Flott utsikt i alle retningar. Heime hos Jan Petter i Isfjorden var vi observert på toppen gjennom den enorme kikkerten han har på kjøkenet. Ingen andre å sjå denne dagen, vi fekk herligheta for oss sjølve. Veret var flott, sjølv om tunge skyer og tordenbrak lenger aust i landet skremde oss litt. Dette passerte i god avstand. På returen tok eg ein kjapp avstikkar opp til 1430-toppen medan Jan Petter venta. Ein av årets finaste turar! Då gjenstår berre ein tur i denne potensvekkande fjellkommunen. For GPS-spor sjekk JP sin rapport.
https://peakbook.org/tour/226400/Juratinden.html

Jan Petter klar for ny stortur frå Rabben. Gode parkeringsforhold.
Jan Petter klar for ny stortur frå Rabben. Gode parkeringsforhold.
Stidele i Nedre Nyheibotn. Hald fram langs ruta til Hoemsbu.
Stidele i Nedre Nyheibotn. Hald fram langs ruta til Hoemsbu.
Den meget spisse og karakteristiske toppen kjem til syne.
Den meget spisse og karakteristiske toppen kjem til syne.
Strålande ver, her mot Helvetestind, Kjøvskartinden mm
Strålande ver, her mot Helvetestind, Kjøvskartinden mm
Vi nærmar oss svapartiet. Gjekk av breen der snøen er mørk, så langs fjellet og bak neste snøbre.
Vi nærmar oss svapartiet. Gjekk av breen der snøen er mørk, så langs fjellet og bak neste snøbre.
Jan Petter på svaet
Jan Petter på svaet
Boven på vei oppover svaet
Boven på vei oppover svaet
Oppe på ryggen ventar mykje fin klyving fram til det bratte stygge partiet.
Oppe på ryggen ventar mykje fin klyving fram til det bratte stygge partiet.
Klyving med gode tak. Veldig høgt nedunder her.
Klyving med gode tak. Veldig høgt nedunder her.
Austover mot Hoemstinden og Hauduken som Torleiv og eg var på før i sommar, ein stortur!
Austover mot Hoemstinden og Hauduken som Torleiv og eg var på før i sommar, ein stortur!
Kjempefornøgd Jan Petter mot Isjorden.
Kjempefornøgd Jan Petter mot Isjorden.
Toppunktet
Toppunktet
Rapell ned frå toppen. 30m-tau holdt fint her.
Rapell ned frå toppen. 30m-tau holdt fint her.
Avslapping på returen.
Avslapping på returen.

User comments

  • -
    avatar

    Missing title

    Written by TopGun 12.08.2017 07:15

    Flotte bilder :) Grattis som "Fjellkonge"

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.