Innerdalstårnet og Tåga/Norsk Fjellsport (03.08.2017)
Geschrieben von Eikås (Janne Eikås)
Besteigungen | Innerdalstårnet (1.452m) | 03.08.2017 |
---|---|---|
Såtbakkollen (1.632m) | 03.08.2017 | |
Såtbakkollen sør (1.617m) | 03.08.2017 | |
Tåga (1.840m) | 03.08.2017 | |
Tåga S1 (1.775m) | 03.08.2017 | |
Tåga S2 (1.688m) | 03.08.2017 | |
Tårnfjellet (1.523m) | 03.08.2017 | |
Tårnfjellet S1 (1.500m) | 03.08.2017 |
Innerdalen har eg kjent til i lengre tid og første gang ifrå Norsk Fjellsport. Eg veit at her er nokre fantastiske klatreruter, blant anna i nydelige Skarfjellet 1790 moh. Som skal prøvast ilag med Trolla i neste fine høve :) Dei siste ferieturane har blitt ganske så sporadiske, spesielt etter at ungdommen min vart vaksen! Eg gleder meg virkelig til å spikre måla mine vidare her oppe i denne vakre delen av landet :) Trondheim vart endestoppen på ferien denne gangen, med ein fantastisk konsert av Robbie Williams. I returen vart det ein hærleg svipptur innom Innerdalen for å snuse på det eg har høyrt og lese om.
Sidan eg "nerder" etter sør noreg lista, var Tåga 1840 m målet etter Innerdalstårnet 1452 moh som den kanskje mest kjente toppen for dei fleste med ei lett klyving mot toppen. Trivelig var det å treffe på Otto og Inger Lise ved Innerdalstårnet :) Etter mykje nedbør det siste døgnet, var eg litt usikker på overgangen ifrå Innerdalstårnet og opp ifrå skaret mot Tårnfjellet 1521 moh. Men vi valgte å prøve, sidan det då selfølgelig er den raskaste veg til Tåga. Ingen skam å snu var mottoet! Men hadde mor mi sett greia opp mot Tårnfjellet denne dagen, hadde eg ikkje stått høgt i kurs der! Godt alt ingen veit :) Men morsom og hærleg klyving var det ifrå Tårnfjellet i ein laang flott rygg til Tåga 1840 moh.


Tusen takk for ei hærleg fjellrunde ilag Brit Siv
Benutzerkommentare
Wow, imponert
Geschrieben von jørn 16.08.2017 09:05Flotte bilder du har, super inspirasjon
Sv: Wow, imponert
Geschrieben von Eikås 11.09.2017 16:52Tusen takk for det Jørn :) Det alltid stas å få sånne tilbakemeldinger også :) Ein treg vestlending er eg :)
Kein Titel
Geschrieben von TopGun 15.08.2017 21:24Tøff tur og flotte bilder, fra Norges vakreste fjelldal :)
Flott tur!
Geschrieben von Þróndeimr 14.08.2017 23:30Knallfint område ja! Men du fikk meg veldig forvirra med det ene poseringsbildet med Skarfjellet i bakgrunnen, det tok meg noen sekunder på å forstå at bildet er speilvendt! :P
Sv: Flott tur!
Geschrieben von kolla 15.08.2017 13:24Her sat eg å studerte det bildet med Skarfjellet til høgre eit kvarter og kunne ikkje fatte og begripe kva vinkel det var teke frå, før eg rulla ned og las denne kommentaren. Måtte jo le litt av min forvirring, men slik bildemanipulering er ein uting (etter mitt syn). Ellers flotte bilete frå sør-Noregs indrefilet!
Sv: Sv: Flott tur!
Geschrieben von Eikås 15.08.2017 19:52Ja, dette må jammen være Sør Norges indrefilet! Det er spennande å oppleve nye fjell og natur! Litt av eit land me har, ein kan virkelig få til dei finaste turar, eventyr og ekspedisjonar i det vi har av natur her heime :) Eg lyt nok få snu det bildet rette vegen, nokre glippar blir det av og til :)
Sv: Flott tur!
Geschrieben von Eikås 15.08.2017 19:40Ja, no måtte eg le litt Christian :) Du er bra kjent i desse fjella, ikkje rart du stussa på vinkelen :) Her har eg gløymt å snu bildet, før det vart lasta opp! Litt av eit fjellområde, her lyt ein jammen opp att i fleire vender. Hadde vore kjekt å prøve nokre av klatrerutene!
Fin tur
Geschrieben von Arthur73 14.08.2017 21:34Jeg har et spørsmål. Er det mye klyving fra Tårnfjellet opp til Tåga?
Sv: Fin tur
Geschrieben von Eikås 14.08.2017 22:10Ja, men fin klyving er det nesten heile vegen! På kartet ser det rimelig greit ut! Det er det også, men ein må finure litt opp og ned! :) Derfor artig klyving :) Nokre punkt utan sikring ifrå Innerdalstårnet ifrå skaret mot Tårnfjellet var kanskje noko utsatt etter også ganske så mykje nedbør iforkant. Men det går greit med ro og tolmod! Ingen tvil om at dette må være den finaste ruta til Tåga :)