Jendemsfjellet (02.08.2017)

Written by ksevheim

Map
Ascents Jendemsfjellet (633m) 02.08.2017

Parkerte ved Jendem på ein stor parkeringsplass. Tydeleg at dette er eit mykje besøkt fjell. Først opp gjennom skogen. Ikkje mykje tid til oppvarming då det var bratt motbakke i starten. Forbi eit par felt kor det var strukke ut tau til hjelp for glatte trerøter så flata det litt meir ut. Vidare opp var det litt meir bratt skogsterreng før ein kom ut i fritt terreng. Løypa følger vestegga heile vegen opp. Over eit par kneiker og vipps så var eg oppe. Vidt utsyn både til Romsdalsfjella og Fræna og Aukra på kysten. 1 time opp, 50 min ned.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.