Trollevassnibba (02.08.2017)  3

Written by bakken59 GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 1h 52min
Distance 4.7km
Vertical meters 437m
GPS
Ascents Trollevassnibba (432m) 02.08.2017 11:40
Visits of other PBEs Kleivo parkering (50m) 02.08.2017 10:44

Gitt kraftige regnskyll i dag tidleg og regn då vi kom til løypestart ved skiltet eit stykke forbi skolen på høgre side, var nok dette ein tur for spesielt interesserte. Og spesielt interesserte var korkje Tom eller Uncas i dag, begge heilt nøgde etter dei to fine turane i går. Men eg la i veg i regnet. Etter kvart gav det seg, men våt blei eg så det heldt, for særleg midtpartiet med myrane, var som ein sjø av søyle og vatn. Eg plaska over, men det gjekk trått for eg prøvde å unngå å tråkke nedi over støvlane. Bergpartiet etterpå var eigenleg veldig fint, og så grovt at eg hadde godt feste for goretexskoa. (Det var søylepartia som var såpeglatte, då særleg nedover.) det klarna meir og meir opp, og då eg skulle ta selfie på toppen måtte eg myse mot sola! Supert toppunkt. Gløymde å skrive meg inn i boka. Siggjo låg inne i ein vegg av regn, og prisa meg lukkeleg for at vi hadde fått så fint ver der i går. Gjekk på nedover, og møtte først ein lokal kar med gummistøvlar som akkurat skulle ut av skogen og byrje på myrane då eg møtte han. I den fine furuskogen, fem minutt frå bilen møtte eg fire vaksne damer med stavar som var absolutt bestemte på å kome til topps. Då eg kom ned til bilen der Tom sat og så film, starta det å styrtregne, blei gjennomvåt der eg til då hadde halde meg tørr berre medan eg prøvde å kome meg inn i bilen. Måtte skifte alt eg hadde på meg. Sende ein venleg tanke til dei fem på topptur, for regnet kom som ein vegg den neste halvtimen. Garmin viser 1 time og 50, 5,1. km, 442 hm. Ikkje heilt samsvar med pb-appen. Gjekk altså aleine.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.