Stranda: Frå Åsenakken til Slettfjellet (29.07.2017)

Written by Freeflex (Ragnar Liaskar) GSM

Map
Ascents Helbostadegga (1,259m) 29.07.2017
Hurklutefjellet (1,320m) 29.07.2017
Hurklutefjellet nord for (1,304m) 29.07.2017
Lianibba (1,427m) 29.07.2017
Nokkenibba (1,380m) 29.07.2017
Sør for Slettfjellet (1,420m) 29.07.2017
Syltavikheia (1,253m) 29.07.2017
Tjukkhornet (1,289m) 29.07.2017
Åsenakken (872m) 29.07.2017

Eg og OleSunde (Ole Sunde) tok kvar sin bil til Hellesylt og kjørte innover Synnylvsbygda. Vi parkerte ein bil ved stistart til Liadalen og kjørte den andre ned til Hellebostad der det var godt merka frå start. På cirka 700 meter deler stien seg og det er skilta mot henholdsvis Åsenakken og Nokkenibba. Sidan det såg ut som Åsenakken kunne by på god utsikt ned mot Hellesylt tok vi ein stikkar dit. Når vi stod på toppen vurderte vi og burde kanskje (?) berre gått haugane bortover mot ryggen til Nokkenibba, men sidan stien og merkinga var så god valde vi å gå nedover mot stiskillet så vi kanskje ikkje trudde var så mange høgdemeter lenger nede, men det ga jo ekstra trim ;)

Meget godt merka til Nokkenibba og vi møtte ein triveleg familie på tur som budde på ein av gardane ved Hellebostad. Dei ga oss fleire turtips i området og bydde endatil på nista si. Topp folk!

Nokkenibba har meget god utsik til fjordkrysset mellom Synnylvsfjorden og Geirangerfjorden og fantastisk utsikt til fjell i vid omkrets. Kan tilrådast som både familietur og som del av den litt lenger turen vi valde. Vi gjekk vidare mot småtoppar som Tjukkhornet på veg mot neste pf100, Hurklutefjellet. Det hadde verken spesiell god utsikt, bok eller varde, men ryggen bort var fin i sola. Vidare gjekk vi ned til skaret og over 1265 før vi sette kursen oppover mot Lianibba. Vi håpte finne rås sidan skiltet ved Frøysa hadde Lianibba på, men dengong ei, så her kan ein like godt ta kortaste veg. Lianibba byr på klasseutsikt ned i dalen og ikkje minst mot Strynetoppar. Dagens siste topp og pf100 Slettfjellet gjekk greit, men eit punkt på egga ned frå Lianibba er smalt og her kan det være greit å være obs på at det er svært laust. Opp til Slettfjellet kan ein enten klivre rett opp eller gå på hyller til høgre nærmare dalen.

Vi måtte over Lianibba igjen på veg tilbake, så ned i Liadalen der vi var tipsa om å halde oss nære elva til vi traff råsa. Det gjekk som smurt og råsa ned er godt merka og delvis opparbeidd med litt boltar på sva og trappetrinn.

Alt i alt nærma vi oss 26km på tur og litt over 2500 høgdemeter. Fantastisk dag i fjellet!

User comments

  • -
    avatar

    niste

    Written by boven 29.07.2017 23:11

    Du må smørje deg matpakke!

    • -
      avatar

      Sv: niste

      Written by Freeflex 29.07.2017 23:14

      Haha, skal det til lengre turar ;) Hadde med banan og ein pakke kjeks i tillegg til drikke. Flott tur!

      • +
        avatar

        Sv: Sv: niste

        Written by boven 29.07.2017 23:18
        • +
          avatar

          Sv: Sv: Sv: niste

          Written by Freeflex 29.07.2017 23:21
          • +
            avatar

            Sv: Sv: Sv: Sv: niste

            Written by OleSunde 30.07.2017 23:00
Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.