Bjørlykkjehornet, Sande(Vanylven) (27.07.2017)

Written by Elementmannen

Duration 2h 17min
Distance 7.2km
Vertical meters 368m
GPS
Ascents Bjørlykkjehornet (707m) 27.07.2017 16:14
Litlehornet (484m) 27.07.2017 17:17

Etter Hornindalsrokken i går unna me oss natt på hotell i Eid og god frukost.
Dernest gjekk turen til Vanylven kor "Kommunetoppanes far" (og snart ekte far), Frode, hadde lova gaida tur til gamle kommunetoppen i Sande.

Me køyrde opp bomvegen, fekk sjå hytta til Frode og co. og parkerte på platået der ny grusveg no er laga vidare sørover. Starten var i sol nordover mot og over Heida før me svinga austover opp til bratta før Bjørlykkehornet. Utsikten var god nord og aust mot havgapet og fjordarmane og oppdrettsanlegg. Etter kvert kom me opp etter ein god time og fekk sett på gildet før skodda kom saman med regnet. Ein treng ikkje høgare for å sjå langt.
Ned at prøvde eg meg på rett på vegvalet over myrane, mens dei andre gjekk rundt. Det gjekk 5 minutt fortare med meg tross multespising. Ved eit anna høve ville eg prøvd direkte aust mellom Måsavatna opp bratt og heiane inn til toppen og ein anna rute ned att. Ser ok ut.

Ned venta Sunnmørsk fiskegryte og ungarsk dessert. Kan ein be om meir?

Opp: 1t 05min
Topp: 15 min
Ned: 50 min

Dagens dyr: Padde
Middag og dessert

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.