Gjøvik topprally (23.07.2017)

Skrevet av mariusmeland (Marius Meland) GSM

Startsted Nær Turthaugen (640moh)
Sluttsted Under Bjønnhaugen (700moh)
Turtype Fottur
Turlengde 4t 40min
Distanse 10,4km
Høydemeter 336m
GPS
Bestigninger Turthaugen (724moh) 23.07.2017 11:17
Sæterhaugen (734moh) 23.07.2017 11:53
Krokgranshaugen (740moh) 23.07.2017 12:57
Bjørnhaugen (790moh) 23.07.2017 15:03
Andre besøkte PBE'er Finndalen P-plass (680moh) 23.07.2017 14:32

Først tur til Turthaugen. Det var til dels sti og gjengrodd traktorveg oppover mot toppen. Ned att gjekk eg "snarveg" gjennom jungel. Ganske fin utsikt mot nord frå toppen.

Gjekk vidare langs veg, før eg tok av gjennom skogen mot Sæterhaugen. Noko utsikt frå toppen. Gjekk ned att mot vest og følgde vegen.

Tok av frå veg for å gå mot Krokgranhaugen. Noko sti oppover, men litt utydeleg, og mulig den like gjerne er eit sauetrakk. Mykje gammal granskog oppover her, og toppen ligg til namnet sitt.

Gjekk ned att og tilbake til startpunktet. Køyrde så bil cirka 7 km bort til parkeringsplassen ved Bjønnhaugen. Her har eg trekt frå 7 km på sporet og 100 høgdemeter, då appen spora turen, sjølv om eg hadde sett sporinga på pause. Samanhengande spor mellom startpunkt og parkeringsplass ved Bjønnhaugen er altså eit "bilspor".

Bratt opp til Bjønnhaugen. Til dels stiar på topplatået, men truleg er det sauer som i hovudsak har laga desse.

På tur ned att fann eg ein meir tydeleg sti langs ein gjengrodd traktorveg.

Alt i alt ein fin tur, med turen til Krokgranhaugen som den finaste. Slik stitilhøva er her, er det tydeleg at desse toppane ikkje er veldig populære turmål.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.