Nesset/Rauma: Hoemtinden, Hauduken og litt til (22.07.2017)  6

Geschrieben von boven (Ove Lotsberg) GSM

Startpunkt Nedste Mardalsvatnet (850m)
Endpunkt Nedste Mardalsvatnet (850m)
Tourcharakter Bergtour
Tourlänge 11h 09min
Entfernung 24,5km
Höhenmeter 2.504m
GPS
Besteigungen Evelsfonnhøa (1.519m) 22.07.2017
Hauduken (1.733m) 22.07.2017
Hauduken Nord (1.719m) 22.07.2017
Hoemtinden (1.736m) 22.07.2017
Sørvest for Hoemtinden (1.628m) 22.07.2017
Rangåtind (1.596m) 22.07.2017
Svartevasstinden S1 (1.619m) 22.07.2017
Svartevasstinden (1.635m) 22.07.2017
Besuche anderer PBE Bru over Ytste Mardøla (830m) 22.07.2017
Ein fantastisk dag på Hoemtinden
Ein fantastisk dag på Hoemtinden

Møre og Romsdal pf 100 1046/1156

Denne turen har stått på blokka sidan 2014, endeleg var det mulighet. Heldigvis stilde Torleiv ein mann, dette vart årets ferie for han. Overnatta i telt ved Nedste Mardalsvatnet. Kom oss avgarde 0750. Demninga er ikkje gangbar! Dvs vi kunne prøvd men eit fall ville vært ein svært dårleg start på dagen. Heldigvis såg Torleiv brua litt lenger nede. Denne var vi ikkje klar over. Har lagt den inn i systemet. Flott og enkel tur over Evelsfonnhøa og Rangåtind til Hauduken. Lange snøbakkar sparte oss for mykje tid og labbing i steinur. Så var det ryggen til 1719 nord for Hauduken. Vi gjekk nedover og tok ein titt. Torleiv fekk skrapa opp flesket litt og nesten nede i skaret bestemde vi oss for å snu. Skal du gå denne ryggen bør du være av eit anna kaliber enn oss, eller ha tau. KOLLA, vi lurte fælt på kvar du har gått, har lest rapporten din! Så då var det oppigjen og ned i vestsida. Neste vanskelege punkt var frå skaret før 1631-toppen. Her gjekk vi ned renna mot vest (venstre) nokre meter og klyvra opp i ei brei grashyllle og fram til ein rygg. Vidare opp denne til egga igjen. Vidare greit men tidkrevande mot Hoemstinden. Denne såg stygg ut på avstand men løyste seg heilt fint. Trikset er å gå langt nok bort i sida og runde rundt inn på nordvestryggen. Der møter ein hovudruta som er fin å følgje til topps. Retur samme veien og så var det berre å mannje seg opp til ein avstikkar til 1635-toppen. Frå skaret 110 hm i snø som var god å gå i. Eit par skydottar gjorde temperaturen leveleg. Heimvegen var prega av snø til 1000 moh, sparte oss igjen for mykje tid og stein. Ein riktig kjempetur i fantastisk ver. Eg hadde ikkje på meg jakke heile dagen, t-skjorte holdt i massevis.

Benutzerkommentare

  • -
    avatar

    Hauduken-egga

    Geschrieben von kolla 28.07.2017 22:17

    Dokke har forsynt dokke av indrefileten i Romsdal der! Vart og overraska av at den Haudukenegga er så vanskelig, det ser tilsynelatande greit ut på kartet. Eg klatra ned i austsida, mens dokke rota dokke ned i vestsida ifølge sporet. Sikkert fornuftig å snu. Det var jo galskap å klatra usikra ned der eg gjorde.

    • -
      avatar

      Sv: Hauduken-egga

      Geschrieben von boven 30.07.2017 23:32

      GPS og kart stemmer ikkje overeins. Vestsida er utelukka. vi fulgte ryggen nedover nesten til skaret. Der studerte vi austsida slik vi visste du hadde skrive. Såg ei slags stripe i fjellet lenger nede. Hadde vi komt oss ned der hadde nok dette gått, men det å sleppe seg nedover der virka heilt utenkjeleg. Du fekk ei slags stjerne her Kolla som klyvrar/galning!

      • +
        avatar

        Sv: Sv: Hauduken-egga

        Geschrieben von kolla 30.07.2017 23:51
Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.