Ørsta: Søre Sætretind (21.07.2017)

Written by Freeflex (Ragnar Liaskar) GSM

Map
Ascents Søre Sætretind (1,358m) 21.07.2017
Visits of other PBEs Standalhytta (396m) 21.07.2017

Alt du har høyrt om lumske forhold med bregleppa mot berget, sleipt berg med vatn, støv, lausgrus og etterkvart svært sleip mose stemmer. Det som er fint er at alt du har høyrt om den fantastiske utsikta også stemmer :D

Eg tok dette som ein kveldstur med start frå Standalhytta og opp Kvanndalen. Hadde lenge tenkt på å utforske rennesystema her litt for å kanskje sleppe lumskheitene frå andre sida, men dengong ei. Eg kom opp i skaret som er lavaste punkt mellom Nøre og Søre. Etter ei kjapp kjekspause der (Ballerina-kjeks før luftig tindeklyving sjølvsagt), gjekk eg nedover breden og mot renna som fører til topps. Her var forholda sikkert ikkje så mykje verre eller betre enn ellers sjølv det har steikt godt eit par dagar og ein må vise stor varsemd enten ein sikrar eller ikkje. Klyvinga på fastare grunn var langt kjekkare og eg rakk solnedgangen frå toppen. Returen tok lang tid sidan ein ikkje kan sette ein fot feil når det er så glatt og sleipt, men det gode med all snøen som fyller dalen er at høgdemeterane nedover mot Fladalen går kjapt.

Eg ser gjerne utsikta igjen, men det spørs om ikkje eit nytt besøk blir gjort på vinterstid under stabile forhold.

User comments

  • -
    avatar

    4-metershammaren

    Written by fjellfotografen 25.07.2017 13:55

    Korleis gjorde du det forbi 4-metershammaren?

    • -
      avatar

      Sv: 4-metershammaren

      Written by Freeflex 25.07.2017 14:10

      Eg gjekk inn i sida mot Kvanndalen. Hyller som fører bort til egga som går nedover mot Standaleidet, derfrå var det veldig greit til topps.

      Dvs eg gjekk inn i sida litt lenger nede enn 4-metershammaren. Det kunne gått over hammaren, men eg syns det var litt over grensa når der var ei god løysing inne i sida i staden.

      • +
        avatar

        Sv: Sv: 4-metershammaren

        Written by fjellfotografen 25.07.2017 14:14
        • +
          avatar

          Sv: Sv: Sv: 4-metershammaren

          Written by Freeflex 25.07.2017 14:24
Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.