Skoddeøkt på Saudehornet (16.07.2017)

Written by kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Characteristic Jogging
Duration 2h 04min
Map
Ascents Vallahornet (834m) 17.07.2017 09:55
Saudehornet (1,303m) 17.07.2017 09:55
Visits of other PBEs Saudehornet parkering (140m) 17.07.2017 09:55
Saudehornet normalrute (140m) 17.07.2017 09:55

Eg kjem meg liksom aldri på desse Ørsta-toppane! Kvar gong eg er på fjellet i Ulsteinvik så ser eg heile gullrekka, men som regel køyrer vi berre forbi på veg til ein annan stad.

Denne kvelden skulle eg avlevere Kona på Hovden der ho skulle hoppe på flyet mot Barteby. Eg hadde så innmari lyst på Saudehornet, men til tross for generelt høgt skydekke låg det sjølvsagt ein solid skoddedott over toppkrona på akkurat det nevnte horn.

Men då eg kom ut av flyplassen såg det ut til at skodda var i ferd med å letne. Eg tok ei lynrask avgjerdsle om at her køyrer vi på! Etter litt safari i byggefelta fann eg parkeringa, hoppa i joggeskoa, og byrja på motorvegen opp mot hornet.

Rimelig bratt grusveg opp det første stykket, før det var tydelig men blaut sti vidare, svært godt merka. Eg prøvde å gå litt på sidan klokka nesten var 8 ved avgang. Det gikk radig oppover, men skodda kom og gikk litt på toppen.

Det lengste stykket var frå Vikeelva til ryggen. Herifrå bratna det litt til, men ganske uproblematisk. I tillegg var det merka av for kvar 100 høgdemeter (i anledning motbakkeløpet Saudehornet Rett Opp), så det var berre å gi på. Nydelig utsikt over brutalt vakre sunmørsalpar!

Etter kvart kom eg opp i skodda, og temperaturen sank. På toppen var det diverre grauttjukt. Litt lett klyving siste metrane til varden, der eg skreiv meg inn i boka. Det tok ca ein time og eit kvarter opp.

Eg prøvde å sjå etter kroksleiven (Torleiv Orheim) då han ofte befinn seg i slik tjukk skodde, men han fann eg ikkje. Han var vel inni der ein plass.

Så kika eg litt på egga mot vesttoppen. Den hadde vore artig og tatt ein finværsdag, gjerne som del av ein travers Kyrkjetinden-Saudehornet-Vardehornet for eksempel?

Men her oppe var det ingen levelig plass for lettkledde fartsholderar. Det såg heller ikkje ut til at skodda skulle letne så eg sprang nedatt. Ein tur innom Vallahornet var fint for å sjå på utsikta, før eg var tilbake ved bilen etter 2 timar og 5 minutt.

Kjekt!

Dette blir nok skoddetreff
Dette blir nok skoddetreff
Trolsk stemning, Vardehornet med Vardehornet fremst, Eggja bak til høgre, og Bjørnstighornet (?) bak kanten, og Liadalsnipa bakerst
Trolsk stemning, Vardehornet med Vardehornet fremst, Eggja bak til høgre, og Bjørnstighornet (?) bak kanten, og Liadalsnipa bakerst
På toppen. Kvar er du, kroksleiven?
På toppen. Kvar er du, kroksleiven?
Vallahornet mot Ørsta og Hovden
Vallahornet mot Ørsta og Hovden
Når enden er god...
Når enden er god...

User comments

  • -
    avatar

    Missing title

    Written by ligroenb 18.07.2017 22:17

    Endel skoddeøkter i det siste ;-)

    • -
      avatar

      Sv:

      Written by kobbenes 18.07.2017 22:29

      Ein må nytte høvet når ein kan, og då kan ein ikkje bry seg om bagatellar som utsikt ;-)

      • +
        avatar

        Sv: Sv:

        Written by ligroenb 18.07.2017 22:40
Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.