Geitaryggen (16.07.2017)  4

Written by Hommpbollen (Tor)

Duration 5h 27min
Distance 11.7km
Vertical meters 1,212m
GPS
Ascents Tjugatoten (1,098m) 16.07.2017 12:01
Søre Geitaryggen (1,069m) 16.07.2017 12:58
Geitaryggen (1,118m) 16.07.2017 13:27

Geitaryggen ja - familieturen i 2017.

Det har etterkvart vorte ein årleg familietradisjon for meg, pappa Arnold og bror Eirik at vi skal gå ein tur saman (og krangle om dette) i løpet av sumaren.

Opphavleg var det, som vanleg, svært mykje diskusjon og krangel om når og kvar vi skulle gå. Forslaget mitt gjekk ut på at vi måtte vi ta den turen vi hadde planlagt lengje, over Meneseggen. Dette er ein ganske lang, men flott tur som går over fleire toppar på grensa mellom Balestrand og Sogndal kommune. Her møtte eg mykje motstand og skepsis. Særleg var Eirik ganske redd for at han var for lat til å gå denne turen. Arnold var på si side ikkje redd for sjølve lengda på turen, men den aukande risikoen for at han kunne få nokre vatndråpar på seg.

Eg fekk til slutt overbevist karane om at turen over Melsnipa ville gå heilt fint, sjølv for litt late og pinglete folk. Vi bestemde oss difor for å gå over Menesseggen - ein beslutning som for øvrigt vart fatta på ein særs demokratisk måte.

Men Arnold ga seg ikkje med dette. Han tok til å undergrave den demokratiske beslutninga ved å messe i den eine meldinga etter den andre om kor grusomt veret kom til å bli. Nokre regndråpar ville øydelegge heile turen. På ein eller anna måte klarte han difor med sleipe triks og renkespel å overtale oss til å gå Geiteryggen i staden. Gudane veit korleis.

I tillegg vart det diskusjon om når turen skulle vere, i og med at Eirik ville sjå Sogndal spele mot Rosenborg på Fosshaugane laurdag 15. juli. Dette kunne han for øvrig ha spart seg, da Sogndal tapte 0-3. Det vart likevel slik at Eirik overnatta hjå meg i Sogndal, og turen vart flytta til dagen etter, dvs. sundagen. Eirik, som ikkje hadde vorte godt nok informert om korleis denne (nye) turen konkret skulle leggjast opp, furta elles heile vegen frå Sogndal til turstarten i Balestrand.

Det heile endte opp med å verte ein særs trist affære.

Eirik og Arnold har rota seg vekk på veg oppover stien.
Eirik og Arnold har rota seg vekk på veg oppover stien.
Kun eit lysglimt i skoddeheimen
Kun eit lysglimt i skoddeheimen
Tung og råten snø måtte forserast. Våt til skinnet. Eirik er elles usikker på kvar vegen går.
Tung og råten snø måtte forserast. Våt til skinnet. Eirik er elles usikker på kvar vegen går.
Alvorlege miner - med god grunn
Alvorlege miner - med god grunn
Tapre karar som tvingar fram eit smil. Arnold klarte det likevel ikkje (var jo regndråpar her)
Tapre karar som tvingar fram eit smil. Arnold klarte det likevel ikkje (var jo regndråpar her)

User comments

  • -
    avatar

    Ein turleiar i dårleg humør

    Written by Argok54 28.07.2017 11:01

    Dette innlegget er dessverre fullt av faktafeil og ein del tendensiøse formuleringar. Eg tek faktafeila først.

    1) Korkje Eirik eller eg er lat, pinglete eller redd for regnet. På den lange turen vi hadde i 2015, var det både pisseregn og hasardiøs klatring. Klaginga eg høyrde då, gjekk mest på at vi hadde med for lite kvikklunsj!

    2) Eg dreiv ikkje renkespel. Eg opplyste om kva Storm og Yr sa om veret, og det var unisont negativt for den helga. Regnet var så si sak, med skodda ville snyte oss for utsikten frå Meneseggen og det var vel eit viktig poeng med å ta den turen? Å spå om veret er vanskeleg, men både Storm og Yr er litt meir treffsikre enn vår 'synsing' om korleis det blir.

    Så var det om tendensiøst språk: Tor brukar ei rekke ord som er negativt lada og konnoterer låg moral hos oss. Døme på dette er: 'renkespel', 'furta' , 'lat', 'pinglete', 'sleipe'. Bruken av slike ord tyder på at han sjølv vart skuffa og irritert over at Meneseggen vart avlyst, og

    • -
      avatar

      Sv: Ein turleiar i dårleg hum

      Written by Hommpbollen 29.07.2017 19:28

      Når eg les dette skin det klart gjennom at orda kjem frå ein bitter og frustrert kar. Det heile vert berre trist.

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.