Sula: 3 av 3 (14.07.2017)

Written by Freeflex (Ragnar Liaskar) GSM

Map
Ascents Leirvågfjellet (254m) 14.07.2017
Porsenakken (120m) 14.07.2017
Solavågsfjellet (263m) 14.07.2017
Vardane (776m) 14.07.2017
Visits of other PBEs Leirvågen p-plass (40m) 14.07.2017
Molværselva parkering (89m) 14.07.2017
Solavåg p-plass (30m) 14.07.2017

Ikkje kvar dag ein kan "runde" ei heil kommune på ein kveldstur, men det går meget fint i Sula som berre har tre toppar med pf100. Starta med dei to små på kvar side av fergeleiet på Sunde. Leirvågfjellet er meget kjapt gjort med god parkeringsplass og god merka og tydelig sti med tilrettelegging med rister i dei verste myrholene. Utsikta innover Hjørundfjorden må seiast å være spektakulær med tanke på den beskjedne høgda og ein ser heile vegen inn der Hornindalsrokken kneiser midt i fjordutsikta.

Solevågsfjellet er også godt merka om ein ikkje er så potte tett at ein tek av på eit dyretråkk ved eit av merka langs vegen i den tru at ein skal kutte litt av distansen på den allereie korte turen... Jaja, fekk med meg fleire smånakkar og toppar på vegen, ein av dei med vesentlig betre utsikt enn hovudtoppen som dei lokale ser ut til å kalle Trollhaugen.

Kjørte til Langevågen og såg eg ikkje hadde meir tid enn naudsynt for å rekke ferge seinare på kvelden, men sjølv med eindel fotografering på vegen grunna svært fargerik solnedgang kom eg til topps på under timen og hadde god margin. På toppen var eit følge på fire klare for sein middag rett etter sola stakk under horisonten. Ikkje berre bydde dei på pannekake med bacon, dei insisterte og medan eg skreiv meg i boka var pannekaka ferdig steikt. Snakk om service. Eg fekk endatil med meg eit tørkepapir å halde den varme godbiten i og hadde såleis ekstra energi i stega nedatt.

Utsiktsmessig får ein meget godt betalt for dei 6-700 høgdemeterane opp til toppen. Kanskje ikkje overraskande med tanke på beliggenhet og at den har høg pf, ligg på øy osv.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.