Runde i Laurdalen (Frøhornet, Felden, Klakken og Lisjetoren) (13.07.2017)  5

Skrevet av myrlas (Lasse Myrhol)

Turtype Fjelltur
Turlengde 6t 04min
Distanse 10,8km
Høydemeter 1397m
GPS
Bestigninger Felden (1272moh) 13.07.2017
Frøhornet (1001moh) 13.07.2017
Klakken (1258moh) 13.07.2017
Litletoren (1165moh) 13.07.2017

OBS! Denne runda bør ikkje gjerast av folk som er høgderedde. Turen over "knivseggja" er veldig luftig, og ganske krevande. Eg hadde gjort min research, og eg lid ikkje av høgdeskrekk, men til og med eg kjente godt på det i eit par av partia. Men er ein forsiktig, og det er tørt og fint, så går det bra.

Denne turen hadde eg planlagt i lengre tid. Spesielt å besøke Lisjetoren,
som ser så innbydande ut nede frå Bjørkedalen. Planen var oppprinneleg å ta turen ei helg,
og plukke med seg Storetoren til slutt, men sidan turen vart gjort på ein kvardag måtte vi droppe den. Vi valgte å ta med "omvegen" opp til Frøhornet dog, for å få ein ekstra 1000-meterstopp.

Turfølget denne dagen va Kristian og Ove.

Alt i alt ein strålande tur, der det einaste vesle minuset var at der var nokre lette tåkeskyer i det vi var oppe på Felden, noko som begrensa utsikta ein smule. Litt seinare,
når vi var komne vidare, var desse borte.

Ein tur utan dei beste stiane, og turen opp og ned frå Lisjetoren foregår i rein ur. Hugs 50kr for bompengane, og vær forsiktig om du er redd kyr. Det er mange av dei oppe i dalen her.

Det som vil bli huska er turen over "knivseggja". Det er eggja mellom Felden og Klakken.
Det ligg vel kanskje i navnet at dette ikkje akkurat er ein autostrada av ein fjellsti.
Det var svært luftig, og det var tidvis avansert klyving/klatring som måtte til.
Der var eit parti der berget var porøst, og dermed flassa av segment og i tillegg var grepet for hendene der begrensa som var ganske ekkelt på veg ned frå felden.
I tillegg har ein partiet med bolten på veg opp mot Klakken. Før eg såg bolten (som er ein bolt spikra inn i fjellsida som ein skal stige på for å klatre opp eit parti) så var eg lit rådvill nokre sekund. Uansett så kom vi oss over, og eg hadde med meg to stk på slep,
og alle vil nok erindre nettopp denne passasja som høgdepunktet på turen,
og det er ein tur med mange høgdepunkt. Eit vakkert område rett og slett.

Resten av turen blir oppsummert via bilda.

Takk for turen.

Starttidspunkt 13.07.2017 17:01
(UTC+01:00 ST)
Sluttidspunkt 13.07.2017 23:05
(UTC+01:00 ST)
Totaltid 6t 04min
Bevegelsestid 4t 55min
Pausetid 1t 08min
Snittfart totalt 1,8km/t
Snittfart bevegelsestid 2,2km/t
Distanse 10,8km
Høydemeter 1396m

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.