Hestgrovheia i vind og ver (12.07.2017)  3

Written by bakken59 GSM

Duration 1h 36min
Distance 6.5km
Vertical meters 431m
GPS
Ascents Hestgrovheia (656m) 12.07.2017 20:03
Visits of other PBEs Herdalsveien Parkering (300m) 12.07.2017 19:08

</gallery>
<gallery>

Varden i skodde
Varden i skodde

Kom frå ferga på Andenes, og navigerte meg opp i Solemsdalen. Køyrde for langt, var sjølvsagt utan kart, og misforstod eit par av turrapportane. Så eg rota litt før eg kom i gang. Parkerte i vegdelet der det står pil med Vester varden. Gjekk så traktorvegen opp til der det står skilt med Steinbrudd, ein kunne kanskje køyre heilt opp her med eigna bil. Følgde skiltet det stod gamle sti på eller noko sånt. Det var grått, med ganske kraftig vind. Eg gjekk på det eg orka. Såg vel skuggen min ein gong, men toppen låg i skyer, og det var ikkje noko særleg sikt på noko tidspunkt. Skiltet ved toppvarden gjorde eit nummer av at ein herifra "ser alt", men det galdt ikkje for meg i kveld. Veldig godt merkt stig etter at ein hadde gjort unna den første bratte lia. Høge stolpar heile vegen. På veg ned fekk eg ikkje berre ei kraftig regnskur, men også hagl! Heldigvis hadde eg den kraftige vinden i ryggen då. Og så kom ein super regnboge fram. Såg vipe og rype på turen, og etter eg hadde starta å køyre nedover, kryssa ein hjort - ei hind - vegen, måtte bremse kraftig ned. 6,5 km. 1 time og 36 minutt. 431 hm. Gjekk aleine. Telefonen gjekk tom for batteri rett under toppen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.