Kveldstur til Lysingen (10.07.2017)  5

Written by bakken59 GSM

Start point Aunet (19m)
Characteristic Hillwalk
Duration 3h 30min
Distance 12.3km
Vertical meters 679m
GPS
Ascents Lysingen (648m) 10.07.2017 20:29
Visits of other PBEs Aunet parkering (Lysingen) (30m) 10.07.2017 18:26

Køyrde frå Mo i Rana om føremiddagen, stoppa på Alstahaug og den russiske krigskyrkjegarden på Tjøtta og blei dessutan ståande og vente på ferga på Tjøtta i over 1,5 time. Kort sagt, kom ikkje i gang med turen før ca 1830. Men nettene er lyse, og det var meldt regn dagen etter, så bestemte meg for å gå raskt. Det greidde eg, og sjølv om eg av og til kom litt bort frå vardane og raudmerkt stig, var eg alt i alt godt nøgd med vegvalet med tanke på at eg gjekk utan kart. Hadde studert Knut Sverre sin rapport nøye, og hadde elles med meg GPS, som hjelpte veldig, særleg tilbake, der det var veldig kjekt å gå opp mot eige spor. Logga 13,1 km på garmin, brukte 3 timar og 35 minutt, og får 745 høgdemeter, truleg på grunn av alle opp og ned-turane i knausane i høgfjellspartiet. Veldig greitt å gå på tørre svaberg. Vakker kveldssol overTorghatten, og herleg utsyn rundt det heile. Gjekk aleine og var nede ved bilen att litt over kl 2200.

User comments

  • -
    avatar

    Gratulerer .....

    Written by knutsverre 11.07.2017 14:39

    med Lysingen og tre flotte K-topper i Lofoten, Kristin! Du er jamen flink til å finne eksotiske og spennende turer/topper og nok en gang utrolig heldig med været i Nord-Norge! Bra du hadde nytte av turbeskrivelsen min til Lysingen. Merkingen både der og andre steder burde ha vært bedre. Fortsatt god sommer!

    • -
      avatar

      Sv: Gratulerer .....

      Written by bakken59 11.07.2017 16:40

      Takk Knut Sverre. Må seie at eg har veldig glede av dei fine rapportene dine. I føremiddag gjekk eg til Romsskåla i regn og tåke, stien dit var ikkje heilt pedagogisk merkt! Greidde å gå feil og rett fram i starten sjølv om du hadde advart om det. Måtte tilbake. Trur det hadde vore ein flott tur under andre forhold. I kveld skal eg til toppen i Vikna, her ser det ut som aask og 500 fjell har funne beste trasé, så eg prøver å kopiere den. Ventar på oppholdsver i campinghytte der eg skal bu i natt. Driv og tørkar telt, støvler og klær no. Har ikkje heilt bestemt meg for program i morgon.

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.